Permitterer og kansellerer alle flyavgangar

–  Vi melder om at på grunn Covid-19 er alle flyavgangar mellom Stord og Oslo kansellert til og med sundag 26. april, skriv Stord lufthamn i ei pressemelding.

Kundar som ønskjer å booka om bestilte reiser blir bedne om å ta kontakt med flyplassen snarast. Dei som ønskjer tilgodelapp må ta kontakt med flyselskapet DAT.

Som ein følgje av virusutbrotet vil tilsette på Stord Lufthamn bli permitterte frå og med i morgon 31. mars. Men dei er klare til å hjelpa kundane fram til klokka 15.00 i dag.