Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio.
FOTO: ARKIV
Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio. FOTO: ARKIV

Stakk av frå politiet

Natt til måndag stakk to bilar av frå ein UP-kontroll. Den eine bilen blei til slutt ståande fast i gjørme på ein stikkveg.

Utrykningspolitiet (UP) prøve å stoppa to bilar for å kontrollera dei på E 39 litt sør for Valestrand. Begge bilane stakk av.

– Den eine forsvann. Den andre kjørte inn på ein stikkveg. Det endte med at bilen kjørte seg fast i gjørme. Sjåføren fekk førarkortet beslaglagt på staden, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Kvifor sjåførane stakk av er enno ikkje avklart. Det er oppretta sak, og 18-åringen som til slutt vart stoppa, må belaga seg på å vera utan førarkort ei stund.