FOTO: Folkehelseinstituttet

Åtte koronapasientar på sjukehus

Tysdag ettermiddag har Sveio framleis berre ein person med påvist koronasmitte. Ved Haugesund sjukehus får to pasientar intensivbehandling, og Stord sjukehus har innlagt ein pasient med koronasmitte.

I Haugesund er det klokka 14.00 tysdag registret 34 personar med påvist koronasmitte ifølge VG.no si liveopdatering. Det er sju fleire enn for ei veke sidan. På Karmøy er talet 25, seks fleire enn for ei veke sidan. I Tysvær er det framleis 11, og Bokn har ingen med påvist smitte.

Stord har fire med påvist koronasmitte, Bømlo tre og Fitjar tre. I Vindafjord er er talet seks, og i Etne fire.

I Vestland fylke er det 459 personar med registrert smitte, og ein person som er død. I Rogaland er talet 319, og ingen døde.

To får intensivbehandling

Helse Fonna melder tysdag at det er er sju pasientar med påvist Covid-19 (korona) på Haugesund sjukehus. Det er ein mindre enn for ei veke sidan. Ved Odda sjukehus er pasienten som låg der sist veke utskriven. På Stord har dei no innlagt ein person med koronasmitte.

Av desse åtte pasientane får ein vaksen (18-64 år) og ein eldre (65+) intensivbehandling. Begge ved Haugesund sjukehus.

Helse Fonna har no 45 medarbeidarar i koronarelatert fråvær/karantene av totalt ca. 4.000 medarbeidarar. Det er ein nedgang på 86 personar i løpet av den siste veka.