På Internett og i sosiale medier florerer det av «gode» råd om kosttilskott som skal gje deg eit sterkare immunforsvar, hjelpa deg med å redusera betennelsar eller hindra deg i å bli smitta av koronaviruset.
Mattilsynet åtvarar sterkt mot slike påstandar, og ber alle følgja helsemyndighetenes råd, samt ha god kjøkkenhygiene.
Ver forsiktig dersom produkt blir marknadsført på måtar som dette:
• Brukar språk eller bilete i marknadsføringa der du får inntrykk av at produktet kan forhindra eller kurera koronasmitte.
• Viser til sjølvoppnemde legar, helsepersonell, ekspertar eller andre uoffisielle kjelder som seier at produktet kan forhindra eller kurera koronasmitte.
• Viser med namn eller logo til myndigheiter, offisielle ekspertar eller internasjonale institusjonar som tilsynelatande har godkjent beskyttande- eller kurerande påstandar, utan å oppgi lekkje eller viser til offisielle dokument.
• Brukar påstander som «berre tilgjengeleg i dag», «selges raskt ut» eller liknande.
• Er dyrare enn prisen på tilsvarende produkt, fordi dei påstår produktet vil forhindra eller kurera koronasmitte.
Følg råda frå helsemyndigheitene
Den aller beste måten å beskytta seg mot koronavirus på, er å følgja råda frå helsemyndigheitene, og passa på å ha god hygiene på kjøkkenet når du skal laga mat, fastslår Mattilsynet.
– Vask hendene grundig med såpe og vatn før du lagar maten og før du skal eta. Har du ikkje såpe og vatn tilgjengeleg, bruk handdesinfeksjonsmedel/handsprit, seier Karina Kaupang, direktør for avdeling mat i Mattilsynet.