nyhende
Prioriterer E 134 og Hordfast
Formannskapet i Sveio vil prioritera strekningane Seljestad–Vågslid og Bakka–Solheim på E 134, og Hordfast på E 39, i Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2022–2033.
Dette kom fram då formannskapet heldt eit ekstraordinært møte onsdag ettermiddag. Føremålet med møtet var å koma med innspel til Vestland fylke sin høyringsuttale til transportplanen.
Formelt blir Sveio sitt innspel først vedtatt av formannskapsmedlemmene via epost torsdag, etter at rådmannen fekk i oppdrag å formulera eit forslag til tekst.
Opphavleg hadde rådmannen foreslått å prioritera tre strekningar på E 134. I tillegg til dei to prosjekta som fleirtalet samla seg om, foreslo han også å ta med ny veg frå flyplasskrysset til Karmsund Havn IKS sitt anlegg på Husøy.
Kjempa for Husøy-vegen
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) kjempa hardt for å få med Husøy-vegen i innspelet frå Sveio, men fekk ikkje støtte for dette. Alle som uttalte seg, var samde om at Husøy-vegen er viktig, men fleirtalet meinte dei hadde små sjansar for å få gjennomslag for denne prioriteringa i Vestland.
Dessutan meinte dei det er viktig å løfta fram Hordfast då ein ikkje kan vera sikker på at dette prosjektet blir prioritert utan vidare.
Når det gjeld Seljestad–Vågslid, går formannskapet inn for oppstart på Seljestad–Liamyrane i Røldal i 2023 og Liamyrane–Vågslid i andre del av NTP-perioden.
Gryteklare prosjekt
Det halvannan time lange formannskapsmøtet blei gjennomført på nett. Halvparten av tida gjekk med til orienteringssaker, og vegsaker spela faktisk ei viktig rolle også i denne delen av møtet.
Det blei nemleg snakk om såkalla gryteklare prosjekt som kommunen kan fremja for å få del i ekstraordinære tiltaksmidlar som blir løyvde av staten for å skaffa arbeidsplasser.
Det næraste ein kom konkrete vegprosjekt, er krysset til Sveio sentrum. Elles blei det nemnt ein del mindre trafikksikringstiltak og asfaltering av kommunale vegar.
Fiskerihamna på Bømlo
Både Rune Teikari (Frp) og Jarle Jacobsen (KrF) heldt også fram at det er viktig å støtta forslag om ekstraordiære midlar til fiskerihamna på Bømlo. Det vil nemleg i neste omgang vera til fordel for fylkesvegen mellom Grimstvedt og Sveio sentrum. Førebels er likevel ikkje denne vegen «gryteklar», ettersom det gjenstår reguleringsarbeid.
Jarle Jacobsen fekk elles siste ord på møtet ved å foreslå at partigruppene må få tilgang til det same nettverktøyet som nå blir nytta til politiske møte, for å gjennomføra gruppemøte. Det var alle samde om.