Kart over kor straumbrota er henta frå Haugaland Kraft si nettside.
Kart over kor straumbrota er henta frå Haugaland Kraft si nettside.

Stort straumbrot i Sveio

860 abonnentar i Sveio sentrum og 272 på Fjon ble brått utan straum klokka 14.47 i dag. Klokka 21.30 torsdag kveld er framleis 55 kundar utan straum i Sveio.

Klokka 21.30 er siste driftsoppdatering at det det gjenstår å skifta tre transformatorar. 55 kundar har enno ikkje fått straumen tilbake.

Kartet til Haugaland Kraft over kor ein fortsatt manglar straum klokka 21.30.

Haugaland Kraft registrerte straumbrotet klokka 14.47. Då var årsaka usikker, men no tyder alt på at torevêr er hovudårsaka. Mellom anna har det slått kraftig ned i trafoen på Krossleite.

Klokka 16.00 melder driftssentralen at det framleis er ca. 230 abonnentar utan straum. Ein håper å ha straumen tilbake til alle rundt klokka 18.00, men det kan ta lengre tid. Det er trong for å reparera og skifta ut deler, og det pågår i tillegg feilsøking.

Oppdatering på kor mange som er utan straum, finn du her på Haugaland Kraft si side.