nyhende
Ein ny person har fått påvist koronasmitte
Talet på bekrefta koronasmitta i Sveio er no to totalt. Så langt har ingen bebuarar eller tilsette knytt til helse og omsorg testa positivt.
I skrivande stund er det ein pasient innlagt på Stord sjukehus og sju på Haugesund sjukehus. To i Haugesund får intensivbehandling. Kurven for innlagte pasientar ser ut til å ha flata ut den siste veka. Både i Helse Fonna og Helse Vest er det færre innlagte pasientar enn estimert.
Talet på registrert smitta hadde fram til 31. mars heller ikkje store endringar den siste veka. Men i løpet av ein dag gjorde tala eit hopp frå 34 til 43 registrerte smitta i Haugesund og frå 11 til 16 i Tysvær. Også Stord, Fitjar og Vindafjord fekk ein liten auke i talet på bekrefta smitta.
Første koronasmitta er friskmeld
Vestavind har fått fleire spørsmål om det verkeleg stemmer at berre ein person er registrert smitta i Sveio. Smittevernlege i Sveio, Ståle Andreassen, er rett mann til å svara. Han har nettopp fått siste oppdatering når Vestavind tek kontakt.
– Den første personen som testa positivt for korona, er friskmeld for ei stund sidan. No er det registrert ein person til med bekrefta smitte. Begge har vore obs på risikoen, halde seg heime i isolasjon og tatt tidleg kontakt med helsevesenet, seier Andreassen.
Han understrekar at det på ingen måte er hemmeleghald kring koronasmitte i kommunen.
– Det er nok ikkje færre smitta i Sveio enn i andre kommunar rundt oss, men testkriteria gjer at det er begrensa kven som blir testa. Ut frå tilbakemeldingar frå fastlegane, er det pasientar med mistanke om koronasmitte, eller at det ikkje kan utelukkast. Desse pasientane vert ilagt karantene, men me kan berre testa dei om dei oppfyller dei nasjonale kriteriene, seier Andreassen.
Hald fram med å vaska hendene
– Er det ein fare for at me kan slappa for mykje av i høve til tiltak og restriksjonar når det ser ut til at kurven har flata ut?
– Slik eg opplever det har folk tatt dette på stort alvor. Tala tyder også på at tiltak og restriksjonar nyttar. Det er derfor viktig å halda fram med enkle ting som å vaska hendene ofte, halda avstand og ellers følgja dei råda helsemyndigheitene gir. Smitten er framleis ute i samfunnet, seier Andreassen.
Når det gjeld auken i talet på smitta i Haugesund og Tysvær, må smittevernlegen uttala seg på generelt grunnlag.
– Det me har sett er at slike endringar ofte heng saman med smittesporing. Når ein person har testa positivt, vil ein kartlegga kontaktane personen har hatt i tidrommet ein mistenker personen har vore smitteførande. Desse vil bli sett i 14 dagar karantene ut frå eksponert tidspunkt, og testa om dei utviklar symptomar.
Har testa ein del
Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg i Sveio, fortel at det er testa pasientar og personell knytt til helse og omsorg.
– Alle pasientar som får symptomar på luftvegsinfeksjonar blir testa. Me har testa ein del allereie, og heldigvis har ingen så langt vore positive for korona, seier Toft.
– Blir éin smitta, anten det er innan helse eller andre områder i kommunen, kan det bli langt fleire som til dømes må i karantene. Men me er godt budd og har gode planar for korleis dette skal løysast.