Dei fleste lønnstakarar og pensjonistar fått ei heilt ny digital og enklare skattemelding.
Dei fleste lønnstakarar og pensjonistar fått ei heilt ny digital og enklare skattemelding. FOTO: Bård Brinchmann Løvvig

Mange får igjen på skatten

8 av 10 lønnstakarar og pensjonistar ligg an til å få skatt til gode ifølge den foreløpige skatteberekninga. I Sveio har 2.771 personar 30 millionar kroner til gode.

I Hordaland har 278.000 personar fått foreløpig skatt til gode på i gjennomsnitt 11.800 kroner. 81 000 har fått ein foreløpig restskatt på 22.400 kroner i gjennomsnitt.

Dei foreløpige tala for Sveio er at 2.771 skatteytarar har 30.023.947 kroner til gode. Det gjev eit snitt på 10.835 kroner per person.

Men det er også ein del som skuldar skatt. Foreløpig er det rekna ut 14.368.073 kroner i restskatt. Fordelt på 778 personar blir det 18.468 kroner i snitt på kvar.

Ny og enklare skattemelding

Dei fleste lønnstakarar og pensjonistar har i år fått ei heilt ny digital og enklare skattemelding. Næringsdrivande og dei som får skattemeldinga på papir får den i kjent format.

– Husk å sjekka at opplysningane i skattemeldinga stemmer og fyll ut det som manglar, slik at du betalar rett skatt, oppfordrar divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal. FOTO: Bård Brinchmann Løvvig

Skattemeldinga er førehandsutfylt med mange opplysningar om inntekt, formue, bustad, gjeld og frådrag. Men det er framleis opplysningar du sjølv må fylla inn i skattemeldinga, for eksempel ekstra inntekter eller verdiar i andre land.

Tidlegare skatteoppgjer

8 av 10 lønnstakarar og pensjonistar ligg an til å få skatt til gode ifølge den foreløpige skatteberekninga.

– Har du skatt til gode og leverer den nye skattemeldinga på skatteetaten.no, kan du få skatteoppgjeret og pengane på konto innan eit par veker etter at du har levert, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

2,8 millionar skattytarar i Noreg får tilbake til saman 33,7 milliardar kroner på skatten, viser den foreløpige skatteberekninga.

Visse vilkår

Tidlegare har skatteoppgjeret kome mellom slutten av juni og oktober. Det nye systemet gjer det mogleg å få utbetalt skatt til gode tidlegare, men det er likevel nokre vilkår:

  • Du har fått ny skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar.
  • Du og eventuell ektefelle må trykka på knappen for å senda inn skattemeldinga.
  • Du må ha skatt til gode.
  • Skattemeldinga di må ikkje ha blitt tatt ut til kontroll.

– Dersom du må betala restskatt, får du skatteoppgjeret tidlegast i juni. Det gjeld også dei som ikkje sender inn skattemeldinga, det vil seia at du lar den bli levert automatisk ved fristen, forklarar divisjonsdirektøren.