Hugs at denne nasjonale dugnaden gjer me saman, og at den vil gå over. Hald ut, skriv Linn Therese Erve i ordføraren si spalte.
Hugs at denne nasjonale dugnaden gjer me saman, og at den vil gå over. Hald ut, skriv Linn Therese Erve i ordføraren si spalte. FOTO: Vestavind arkiv

Kjære sveibu!

Store delar av mars månad har vore via til arbeid med korona-situasjonen, og min kalender vart brått rydda for både møter og fritidsaktivitetar den 12. mars når regjeringa sette i verk dei mest inngripande tiltaka Noreg har sett i fredstid.

Før den tid, hadde eg gleda av å helse på Kystjordmødrene, som i mars hadde samling i Sveio. Kystjordmødrene er ei gruppe jordmødre frå vestlandskommunar som med jamne mellomrom møtest for å utveksle erfaringar.

Svangerskapsomsorgen har endra seg  dei siste åra, der kommunen sine oppgåver og ansvar innan jordmortenesta har blitt større. WHO har satt 2020 som jordmødrene og sjukepleiarane sitt år, der generalsekretæren sa: «Uten sykepleiere og jordmødre i førstelinjen kan ikke universell helsedekning skje.»

Det er eg heilt einig i, den jobben jordmødrene gjer i kommunen er svært viktig. Eg er stolt over at me i Sveio har auka stilling til jordmor frå 60 prosent til 80 prosent.

Fagerheim – Ekrene viktigaste prosjekt

Eg var óg heldig å få helse på  seniorgruppa som gjer diverse dugnadsarbeid på idrettsanlegget ved Sambrukshuset annan kvar tysdag. Eg er imponert og takksam over dugnaden som dei legg ned. Ein fin gjeng.

Tidleg i mars var eg på møte i styringsgruppa til Haugalandspakken, der det blei drøfta korleis resterande midlar i bompengepakken skal prioriterast. Det er ikkje nok midlar til å realisera alle vegprosjekt i Haugalandspakken slik det er no.

Sveio er tydeleg på at vegen frå Fagerheim til Ekrene er det viktigaste prosjektet, og resterande midlar bør derfor nyttast til denne vegen. Styringsgruppa har ikkje fatta vedtak om prioritering enno.

Politiske møter

Resultata frå foreldreundersøkinga i barnehagar er klar, der fem av dei åtte barnehagane i Sveio kommune tok del i foreldreundersøkinga 2019. Attendemeldinga frå foreldra er, til liks med det vi ser i heile Noreg og i Vestland fylke, svært positiv. Foreldra er aller mest nøgde med relasjonen mellom borna og dei vaksne og med borna sin trivnad i barnehagen. Dette er svært hyggeleg lesing.

Politiske møter vart utsette inntil vidare etter tiltaka som blei sett i verk 12. mars, men måndag denne veka vart det halde møter i alle hovudutval i Sveio. Til handsaming i Hovudutval oppvekst kultur var til dømes sak om plassering av Dagsturhytta i Sveio, der hovudutvalet samrøystes gjekk inn for Rådmannen sitt forslag om plassering på Emberlandsnipen.

I tillegg var sak om badeanlegg oppe i alle hovudutvala. Begge desse skal handsamast i formannskapet 20. april, og endeleg i kommunestyret 27. april.

Store konsekvensar

For tre veker sidan vart kvardagen brått endra for alle. Noreg og Sveio er annleis i desse dagar, ting går i sakte tempo. Samfunnet er satt på vent. Foreldre har blitt utfordra på å ha heimekontor, samtidig som ein skal følge opp skuleelevar og barnehagebarn. Barn og ungdom kan ikkje vere saman i slik dei er vant til.

Fleire har blitt permittert, og er kanskje bekymra for privatøkonomien. Mange bedrifter møter no utfordringar, og er usikre på kva konsekvensane vil bli, og kor lenge tiltaka skal vara. Det er ei utfordrande og krevande tid.

Me veit ikkje enno konsekvensane etter koronapandemien, men me ser at dei kjem til å bli store. Etter koronakrisa vil samfunnet møte store oppgåver som må løysast – det må me gjere saman. Eg ønsker å ta vare på dei kvalitetane Sveio har, og at me fortsatt skal ha dei same tilboda.

Mi oppmoding er derfor å handle lokalt. Bruk nærbutikken din, kjøp varene dine i Sveio – det er viktigare no enn nokon gong. Er det noko du treng å utbetre på huset ditt er det no du bør gjera det. Ta reparasjonen på bilen din.

Me kjem tiltake til normalen

Det har no gått tre veker sidan Noreg «stengde ned». Tre veker der me har måtta halde oss mest mogeleg for oss sjølve. Det er viktig at me fortset å ha ein annleis kvardag , sjølv om ein kjenner på «brakkesjuka».

Eg gler meg til me er tilbake til normalen igjen. Eg gler meg til eg kan gi mor ein klem, til eg kan vere med vener og familie, til barna mine kan få leika med venene sine, til eg kan få møte og snakke med deg som innbyggar i Sveio kommune.

Me kjem tilbake til ein normal kvardag, men no er det viktig å framleis følge råd og halde seg til tiltak som er satt i verk. Hold hovudet kaldt og hjarta varmt. Ring ein du veit er åleine, ein du trur treng det.

Gjer ting som gjer deg glad

Til slutt vil eg ønske deg ei god påske! Denne påsken blir nok annleis for fleire. Eg kan sjølv ikkje reise på svigerfar si hytte på Hardangervidda, som det første året på lenge utan snø i påsken. Sjølv om denne påsken blir annleis, gler eg meg til å ha påskeferie i Sveio. Eg håpar på fint ver, så eg kan få utforske fleire turområder i den flotte kommunen vår.

Hugs at denne nasjonale dugnaden gjer me saman, og at den vil gå over. Hald ut. Gjer ting som gjer deg glad, eller som gjer andre glad. Prøv å finn lyspunkt i kvardagen og nyt påsken heime i fantastiske Sveio.

Beste helsing
Linn Therese Erve, ordførar