Laurdag ringer kyrkjeklokkene igjen i Sveio.
Laurdag ringer kyrkjeklokkene igjen i Sveio. FOTO: Kari Nilsdotter Haukås

Korona stoppar ikkje kyrkjeklokkene

Kyrkjer over heile landet får no ringa med klokkene kvar laurdag klokka 17.00.

Koronaunntaket for reglane for bruk av kyrkjeklokkene vart vedteke for vel ei veke sidan. Kyrkjene i Sveio vil ringa for første gong no laurdag 4. april.

– Det kjem til å bli ringing i klokkene frå kyrkjene i Valestrand, Førde og Sveio frå klokka 17.00-17.05. I påska blir det høgtidsringing frå dei same kyrkjene på påskeafta mellom klokka 17.00 og 18.00, opplyser kyrkjeverje Ottar Krakk.

Atle Sommerfeldt, konstituert preses i Bispemøtet. FOTO: Hege Flo Øvstaas

De siste vekene har vanlege gudstjenester flytta frå kyrkjerommet til Facebook, Youtube og andre sosiale mediekanalar. Det har medført stengte kyrkjedører og stille klokketårn.

Eit teikn på håp

– Stilla skal brytast som eit teikn på håp, seier konstituert preses i Bispemøtet Atle Sommerfeldt.

Han og resten av biskopane i landet har vedteke dei nye reglane for bruk av kyrkjeklokkene. Kyrkjerådet, som er kyrkja si valgte leiing, har slutta seg til biskopane sitt vedtak.

– Kyrkja skal vera til stades for folk. Det er mange som er urolege no, og me vil visa at kyrkja fortsatt er her for bøn, samtale og håp for framtida, seier leiar i Kyrkjerådet Kristin Gunleiksrud Raaum.