nyhende

- For å gjera dagane litt lettare, har me no gått til innkjøp av seks chromebook, seier kommunalsjef Ingunn Toft.
- For å gjera dagane litt lettare, har me no gått til innkjøp av seks chromebook, seier kommunalsjef Ingunn Toft.

Pasientane kan få digitalt besøk

Koronasjukeheimen har fått bemanninga på plass. Og no kan pårørande besøka sine kjære på Sveio omsorgssenter digitalt.

Publisert Sist oppdatert

Alle avdelingane ved Sveio omsorgssentert vart stengde for besøk 13. mars. Det var naudsynt for å hindra koronasmitte, men har vore tungt for både pasientar og pårørande.

– Det er heller ikkje alle pasientar som skjønar kvifor dei ikkje får besøk lenger. For å gjera dagane litt lettare, har me no gått til innkjøp av seks chromebook, slik at pasientar og pårørande kan treffa kvarandre digitalt, seier Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg.

PC-ane vart henta onsdag ettermiddag, og no pågår det opplæring på avdelingane. Når dette er oppe og går, vil pårørande få informasjon om korleis dei kan gå på digitalbesøk.

Ingen pasientar enno

Koronasjukeheimen på SOS har til no ikkje vore i bruk, men det har likevel vore travelt med ulike førebuingar.

– No er heile bemanninga på plass. Turnusarbeidet pågår, og er forhåpentligvis ferdig om få dagar. Det er pasientar som er testa, og ein ventar på svar. Men det er i utgangspunktet ikkje mistanke om koronasmitte, så det er ukjent når første pasient kan koma, seier Toft.

Koronasjukeheimen er eit samarbeid mellom Sveio, Tysvær og Bokn kommunar.

Powered by Labrador CMS