Idrettsdag på Sveio
Spenstige hopp på Idrettsdagen i 2007, der alle 5. -7. klassingane i heile Sveio er med. FOTO: arkiv

Jaktar gamle idrettsbilete

Den gamle lagsprotokollen til Sveio idrettslag gir oss historia frå dei første 20 åra, då aktivitetane i hovudsak var basert på friidrett. Har du bilete frå denne perioden vil Vestavind svært gjerne høyra frå deg.

Sveio idrettslag blei stifta 28. april 1951, noko som betyr at laget til neste år kan feira 70-årsjubileum. Første formann var Johannes Dommersnes. Medlemskontingenten blei sett til fem kroner, alle under 17 år gjekk for halv pris.

Bane-dugnad

Den gongen Sveio idrettslag starta opp hadde kommunen ingen idrettsplass, og ungdom som ville driva idrett blei vist til leikeplassar ved skulane. Noko av det første som blei drøfta var korleis finna ei tilfredsstillande løysing til bane. I 1959 blei det bestemt at fotballbana skulle leggjast ved sjukeheimen og at arbeidet skulle gjerast på dugnad.

I 2010 teikna Brith-Inger Dirdal Engan korleis ho såg for seg første seriekamp for Sveio då dei skulle bryna seg mot Skjoldar/Vats. Bjørn Tore Enerstvedt var på den tida ny trenar for Sveio. FOTO: Illustasjon: Brith-Inger Dirdal Engan

Idrettsdag og skøyteløp

Fotballag i vanleg serie blei ikkje meldt på før banen var ferdig i 1967. Fotball var tidlegare inndelt i sonar for Sveio og blei spela rundt om på skulane. Andre aktivitetar i idrettslaget var blant anna ski- og skøytedagar, og vanleg idrettsdag med høgde, lengde, og liten ball. I 1966 blei det også etablert ei turngruppe. I alle åra blei det drive utlodningar for å få inn pengar til idrettslaget. Først i 1978 blei sentralidrettsanlegget for fotball og friidrett, ved ungdoms-og barneskulen i Sveio anlagt. Som 40-åring hadde idrettslaget 420 medlemmer, pluss to æresmedlemmer – ekteparet Reidar og Svanhild Lier. I dag har idrettslaget 464 aktive utøvarar, støttemedlemmene kjem i tillegg.

Fotballskule på Sveio stadion. Året er 2008. FOTO: Kari Haukås

Sveio idrettslag sine leiarar 1951-2020:

1951-1955: Johannes Dommersnes

(liten aktivitet)

1956: Birger Vikse

1957: Johannes Dommersnes

1958: Birger Vikse

1959: Harald Pedersen

1960-1964: liten aktivitet

1965: Reidar Lier

1966: Asbjørn Våge

1967: Reidar Lier

1968: Magne Barane

1969-1973: Roald Stølås

1974-1979: Per A. Enge

Kiwicup i Sveio 2010: 450 fotballspelarar, 61 lag og 180 kampar. Sol, vår i lufta og eit kiosksal som sikra Sveio IL eit fint overskot. 6-10 åringane spelte femmerfotball, 11 og 12 åringane sjuerfotball. FOTO: Arkiv

1980-1984: Ole Johan Sveen

1985: Øystein Krossgott

1986: Leif Nygård

1987: Ole Andreas Glette

1988-1989: Sigurd Henning Nygård

1992: Øystein Eskevik

1993-1994: Nils Arne Nesse

1995: Hans Laupsa

1996-1997: Ole Johan Sveen

1998: Terje Husebø

1999: Arne Tveit Katla

2000/2001: Bjørn O. Bergli

2002-2009: Magnus Skåden

2010-2018: Rune Teikari

2019-2020: Lillian Rommetveit (S.I.L. sin første kvinnelege leiar)