nyhende

Tre med påvist koronasmitte i Sveio

Talet på innlagte koronapasientar har gått ned. Talet på påviste smitta har auka i Sveio og fleire kommunar på Haugalandet.

Publisert Sist oppdatert

Ein tredje person har fått påvist koronasmitte i Sveio.

– Vedkommande vart testa i ein annan kommune for ei stund sidan. Ein glipp i rutinane gjorde at det ikkje var vidareformidla til meg før etter ei tid, seier smittevernlege Ståle Andreassen.

Sveio har dermed tre innbyggjarar med påvist smitte. Det er likevel grunn til å tru at fleire kan vera smitta, men desse er ikkje testa. Sjå saka under.

Måndag føremiddag er det innlagt seks pasientar på Haugesund sjukehus. Ein vaksen (18-64 år) og ein eldre (65+) får intensivbehandling. Kurven for innlagte pasientar har dermed gått ned dei siste seks dagane frå åtte til seks innlagte pasientar i Helse Fonna.

I Haugesund har talet på registrerte smitta auka til 50. I dei andre kommunane rundt oss ser det slik ut måndag føremiddag: Fitjar 7, Stord 5, Bømlo 4, Tysvær 16, Karmøy 27, Bokn 0, Vindafjord 10 og Etne 4.

Vestland fylke har no 532 med bekrefta koronasmitte, og fire er døde. I Rogaland er tala 361 smitta og to døde. Ingen av dei døde er frå Sveio eller våre nabokommunar.

Av totalt ca. 4.000 medarbeidarar i Helse Fonna, er no berre 27 tilsette i koronarelatert fråver eller karantene.

Powered by Labrador CMS