Lillian Wirkola anbefaler Rex Garden og fjelltoppar i nærområdet denne påsken – og å rulle ut yogamatta heime. Stress ned og slapp av.
Lillian Wirkola anbefaler Rex Garden og fjelltoppar i nærområdet denne påsken – og å rulle ut yogamatta heime. Stress ned og slapp av. FOTO: Irene Jacobsen

Ut på tur – aldri sur

Fem sprekingar kjem her med friske tips til kva du kan gjera i påskeferien.

Nina Haara Matre
Sekk på ryggen og styrketrening i pausen

Nina Haara Matre kan du følgja på @roersle på Instagram. Ho har planar om å ta med seg familien ut på tur – gjerne med ein litt ekstra tung ryggsekk og innlagde styrkeøvingar i pausen. FOTO: @roersle

I løpet av vinteren har du sett henne på både lokal-TV og NRK – på treningstur utandørs med tung ryggsekk. Rucking, kallast treningsforma som er ganske så ny i  Noreg. Den burde passa Kari og Ola heilt perfekt – ut på tur og styrketrening i same slengen.

Nina har tatt PT-utdanning i Oslo, og innreia treningslokale på den tidlegare campingplassen på Fjon.

Sidan midten av mars er det Instagram som har vore einaste måten å treffa kundane på. Dagane er ikkje heilt som før, men ho prøver å spre rørsle og treningsglede likevel.

Her er hennar beste tips til hyggelege påskerørsler:

– Me må ut på tur, frisk luft er deilig. Du treng ikkje gå så langt, men legg du litt ekstra vekt i sekken får du større treningsutbytte, tipsar ho.

Planlegg du litt på førehand kan du legga inn styrkeøvingar i pausane, knebøy, armhevingar og utfall – det treng ikkje vere vanskelegare enn det.

– Og blir det fint ver er terrassen ein fin plass å ha ei styrkeøkt. Me må ha det kjekt nå. Leika litt og slå oss laus. Lag konkurransar med ungane, spring rundt huset, hopp og ha gøyma-leita. Lag kakao og ha det koselig – og tenk at du nå har ein fin sjanse til å komma i gong med det du kanskje lenge har utsett.

Elisabeth Hauge Bakke
Familieturar med litt krigshistorie

Mange har vore med Sveio turlag og Elisabeth Hauge Bakke på tur.

Mange sveibuar har i løpet av åra vore med Sveio turlag og Elisabeth Hauge Bakke på tur. Sjølv om vårprogrammet i år ikkje kan følgjast som vanleg, er det fullt muleg å sjølv ta seg fram til nokre av favorittane hennar i Sveio. To av forslaga ho har til barnefamiliar inkluderer også litt krigshistorie:

Tittelsnes fort og bunkersane på Nesheim, er begge spennande utfartsmål. Elles er nå Slettene friområde i Auklandshamn endå betre skilta og skal vere lett å finna fram til også for folk som ikkje er lokalkjende.

Ein av turane som gjekk ut i vår var den frå Fantahytta til Digranesvarden på Nordre Vikse. Elisabeth har nyleg gått den for første gong, og den vil ho gjerne anbefala.

Slik finn du startpunktet: Kjør til avkøyringa mot Straumen, oppå flaten ser du ei grind og skilt til den merka turtstien. Det er godt merka og lett å finna fram.

– Bjellandselva er også flott, passar for alle aldrar, tipsar Elisabeth.

– Og ein av dei betre vil eg sei er den gamle kyrkjevegen mellom Sveio og Søre Mølstre. Enklast er det nok å starte turen i Sveio, like ved avkøyringa mot Fjellstad. Kikk etter i vegkanten og du finn skiltet der stien startar.

Lillian Wirkola
– Rull ut yogamatta heime

Lillian Wirkola har vore på både Kilimanjaro og Base Camp Mount Everest, men nå er det verken maraton eller toppturar som gjeld. FOTO: Irene Jacobsen

Døra til yogastudioet hennar i Førde har vore lukka og låst sidan midten av mars.

– Dette er ein fin sjanse til å bli din eigen yogalærar, tipsar Lillian.

Er du redd for at du ikkje skal hugse ein einaste av øvingane, kan Youtube halde deg gåande i årevis. Lillian slår likevel eit slag for å prøve sjølv  – det er lettare enn du trur.

Det vanskelegaste er å rulle ut matta og kome i gong, det er dette som er dørstokkmila. Her er hennar tips til korleis du kan gjere det:

– Sett på musikk som du liker, rull ut matta, legg deg ned og begynn med å slappe av. Roe ned, gi slepp. Lytt til pusten. Gjer øvingane du hugsar, etterkvart oppdagar du at kroppen hugsa dei. Ikkje still så store krav. Ikkje tenk at du skal halde på i 90 minutt, ver nøgd med 5 minutt, 10 minutt – det viktigaste er å komme i gong. Avslutt med å ligge ned, gi slepp på uro og frykt. Vær grei med deg sjølv.

Lillian har vore på både Kilimanjaro og Base Camp Mount Everest, men nå er det verken maraton eller toppturar som gjeld. I påsken finn du henne mest truleg i Rex Garden eller på veg eller frå ein fjelltopp i Sveio.

Margit Blytt
Går 10 km kvar dag

Margit Blytt var den første kvinna i Danmark som tok gartnarutdanning. Den gongen var det rekna som hardt mannfolkarbeid, og slett ikkje noko yrke for ei ung jente. I påska håpar ho på finver og gode forhold for hagearbeid. Her er ho i fjor sommar med den overdådige hotensiahekken som ho har laga av stiklingar. FOTO: Irene Jacobsen

Går du ein tur i området rundt Valestrand skule kan du to gonger til dagen treffa på 84 år gamle Margit Blytt og hunden hennar. Morgonturen går opp og ned til sjøen, totalt 3 kilometer. På ettermiddagen er dei på veg ut igjen, denne gongen ein fast tur på 7 kilometer.

­– Ut å gå kan me alle gjere, det er slik eg held meg frisk og sterk i muskulaturen, seier Margit. – Gå dei brattaste bakkane, kjenn at det pumpar. Ikkje ver redd for å pusta og pesa litt, det må til om du skal bli sprekare. Joda, eg saknar aerobic-treningane, eg har jo vore instruktør i 40 år, men nå får me ta ansvaret sjølv.

Hennar eigne påskeplanar er i år ekstra kortreiste – ho har tenkt å kosa seg i hagen.

– I år skal eg endeleg få orden på hagen. Alt som har grodd over dei siste to åra skal eg nå få tid til. Blir det litt fint ver har eg tenkt å klippa roser og beskjæra buskar og klippa ned kratt. Og så er det ei fin tid å få vekk løvetann og alt anna ugras som spirer alt nå. Me sparer oss for mykje luking seinare om me tar ein skikkeleg runde nå, seier ho.

Herborg Lothe Stava
På krabbejakt med barnebarn

Herborg Lothe Stava med barnebarna Theodor (5) og Tobias (3) likar seg i sjøkanten når vårdagane er ekstra fine. FOTO: Privat

Ironman-treningane har blitt færre for Herborg Lothe Stava. Nå om dagen handlar det meir om å vere mormor enn løpetrening. I påsken håpar ho derfor på fine utdagar saman med barnebarna Tobias og Theodor. Planen er å hoppa på trampoline, leika i sanden, går tur i fjæra og leita etter strandkrabbe. Kanskje fiska litt og spela fotball.

– Historia gjentar seg, seier ho og ler.

– Me gjer dei same tinga med barnebarna som me gjorde med våre eigne ungar. Utandørs er det alltid mykje på finna på.

Når ho spenner på seg løpskoa er det to turar som ofte fristar, Kyststien i Haugesund og løypa rundt Storavatnet i Auklandsham. Ut på tur i gå-tempo veljer ho seg Hopsfjellet, Emberlandsnipen, Liertoppen, Dreng og Trodlavassnipen.

– Det hadde vore gøy å fått til alle fem toppane på ein dag, det hadde nok blitt ein lang dag – men også veldig fin. I fjor var eg for første gong på Kattnakken, men det er litt flaut at eg endå ikkje har vore på Siggjo. Kanskje i vår?