nyhende
Ikkje avis i påska
Kjære lesarar! Me vonar de får ein fin påske, sjølv om det er spesielle tider. Vestavind tar også påskeferie, og neste avis kjem 16. april.
Medan de ventar på neste avis, vonar me de finn både godt lesestoff og kjekke oppgåver å løysa i påskeavis som kom ut 2. april. Me reknar med mange vil kasta seg over det store kryssordet for å vinna den eksklusive Vestavind-koppen.
Me er ikkje så mange tilsette i Vestavind, og alle tek påskeferie. Det betyr at nettavisa ikkje blir oppdatert på same vis som vanlege dagar. Heilt stopp blir det ikkje, så følg med.
God påske!
Helsing oss i Vestavind