Meirforbruket til utbygginga av Sveio skule er på 10.536.938 kroner.
Meirforbruket til utbygginga av Sveio skule er på 10.536.938 kroner. FOTO: Vestavind arkiv

Opnar barnehagar og småskulen

Regjeringa presenterte sju nye tiltak, men understreka at ein må gjera endringar sakte og gradvis for å hindra smitte og ha kontroll framover.

På pressekonferansen tysdag ettermiddag vart det også understreka at det er svært viktig at alle fortsatt følgjer smitterverntiltaka som ikkje er endra på.

Dersom det viser seg at den forsiktige letta i tiltak fører til auke i smitte, vil det raskt bli innført strengare tiltak.

Dette er dei sju endringane:

Frå 20. april skal alle barnehagar opnast igjen.

Frå 27. april skal elevar i 1. til 4. klasse tilbake på skulen og SFO. Målet er at alle elevar skal tilbake på skulen på ein eller annan måte før sommaren.

Frå 27. april vil vidaregåande skule bli opna for elevar på VG3 som følgjer yrkesfagleg løp, og yrkesfagelevar på VG2, dersom det kan gjerast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.

Frå 27. april vil det same gjelda for studentar på høgskular og universitet som er på slutten av ein grad.

Frå 20. april kan helsefaglege verksemder med ein til ein-kontakt, som fysioterapeutar og psykologar, gjenoppta behandling dersom bransjestandard for smittevern er ferdig utarbeida.

Frå 20. april kan frisørar og verksemder som er stengd av smittevernhensyn, opnast igjen om dei oppfyller krav om smitteverntiltak.

Frå 20. april blir forbodet mot å overnatta på hytter og fritidsbustadar oppheva. Men det er framleis ei nasjonal anbefaling å unngå fritidsreiser.

Er langt frå halvspelt

– Smittekurven har flata ut, og i fellesskap har me nådd målet om at kvar smitta ikkje smittar meir enn éin person. Det er gledeleg, men berre eit augneblinksbilete. Me kan ikkje senka skulderne, og er langt frå halvspelt. Me skal vidareføra «slå ned»-strategien, sa statsminister Erna Solberg.

Eit tiltak mot smitte som blir prioritert framover, er å testa fleire.

– Testing, betre sporing og rask isolering av smitte er svært viktig i neste fase før me kan opna samfunnet meir opp, sa helseminister Bent Høie.

Annleis feiring av 17. mai

Alle kultur- og idrettsarrangement som ikkje ivaretar grunnleggjande krav til smittevern, vil vera forbode fram til 15. juni.

Det betyr også at ein må begynna å tenkja på ei annleis feiring av 17. mai.

Regjeringa vil koma med ei ny vurdering av kutur- og idrettsarrangement for sommaren rundt 1. mai.

Helse og omsorg

Det vart også lagt fram endringar for helsetenesta. Det skal setjast i verk tiltak som gjer at kommunane skal sørga for at dei som skal i karantene eller islolering, kan opphalda seg på til dømes hotell.

Sjukehusa skal begynna å førebu seg normal drift etter påske for å mellom anna å kunna ta seg av pasientar som no har bli skjøve på. Og Helsedirektoratet skal saman med fylkesmennene setja i gang arbeid for at kommunane får gjenoppretta normal aktivitet i helse- og omsorgstjenesta.