Slik kan også ein restemiddag sjø ut heime hos Bente Linn Dirdal.
Slik kan også ein restemiddag sjø ut heime hos Bente Linn Dirdal. FOTO: bente_linn_sparetips

Velkommen til bords!

Har du lyst på tips til årets påskemat treng du ikkje gå lenger enn til to lokale matkontoar på Instagram. Bli med inn på kjøkkenet til Ida Marie Aamot Storbakken og Bente Linn Dirdal.

 

Ida Marie Aamot Storbakken vaks opp med hytteliv på Tittelsnes, med familie, slekt og venner som alle skulle nyte alle feriane saman – med mykje god mat. Dei plukka sopp og bær, fiska brosme og lange, lagde fiskekaker og fiskegrateng, kokte krabbe og blåskjel.

Ida Marie Aamot Storbakke er både kokk og sosionom. På bloggen idamariesmat.no deler ho sine beste oppskrifter. På Instagram heiter ho @idamariesmat FOTO: Privat

Etter kvart blei Ida Marie også kokk og levde av å lage mat. Nå er kokkeyrket bytta ut med sosionomjobb i Haugesund kommune, men matinteressa lever vidare heime på kjøkkenet, og på blogg og Instagram. Du finn henne på idamariesmat.no. Der har ho 40.000 lesarar i månaden.

Til påske i fjor var heile familien samla på hytta på Tittelsnes, då diska Ida Marie opp med pavlovabombe. Den skal truleg på menyen igjen i år, men om det blir på hytta er mindre sannsynleg i desse tider. Årets påskefeiring blir nok heime i Haugesund, eller hos mora i Tysvær.

Tok av for to år sidan

For Ida Marie starta bloggen for å lettare kunne dele oppskrifter med familie og venner. For to år sidan, medan ho var sosionomstudent, bytta ho bloggplattform – og det var då det tok av. For lesarane blei det lettare å finna fram, lettare å søka – ho bytta mobilfotografering med speilreflekskamera og gjorde endå meir ut av matstylinga.

For kvart bilde du ser på bloggen kan du rekne med at ho har minst 200 bilete av retten på minnebrikka.

Fristar det kanskje med heimelaga vårrullar? Oppskrifta finn du på idamariesmat.no FOTO: idamariesmat.no

Det er ikkje lenger berre familie og venner som klikkar innom, då ho begynte i ny jobb i barnevernstenesta i Haugesund, var det plutselig fleire som oppdaga at den nye kollegaen var den same som inspirerte dei til å lage både fløytekarameller og gjærbakst.

Gøy å dela oppskrifter

– Det var litt meir tid til blogging medan eg var student, litt travlare er det nå som eg har jobb. Men det er gøy å dele oppskrifter. Sjølv følgjer eg aldri ei oppskrift, innrømmer ho.

– Så når eg lager mat som skal på bloggen må eg vere nøye med å skrive ned alt eg har oppi.

På bloggen hennar kan du velgje mellom blant anna; middag på under 30 minutt, klubbmat, matpakketips, kalde rettar, varme rettar, tapas, vegetar, høgtider og selskap.

Og påskematen?

Verdas beste lappar til frukost, rekesalat til lunsjen og lammelår med kvitløk og rosmarin til middag. Til dessert; pavlovabombe.

Bente Linn Dirdal har Instagram-kontoen @bente_linn_sparetips – med fokus på mat, oppskrifter, og smarte sparetips.

Matglede

Det er ikkje meir enn eit halvt år sidan Bente Linn Dirdal starta Instagramkontoen @bente_linn_sparetips. Er du ein av dei 6.000 som følgjer henne der, veit du at det ikkje berre handlar om sparing, men også om å lage god og næringsrik mat, om matglede og om å ta ungane med på kjøkkenet.

Kanskje har du fått med deg at bloggen hennar er anbefalt av både DN og DNB, at ho har dukka opp i Dagbladet i ei sak om Fretex sine pelskåper til 7.500 kroner – og i Aftenposten i ei sak om personleg økonomi, der både ho og Luksusfelle-økonomen uttalte seg.

På Instagram er det mange som lar seg inspirere av trebarnsmora som sparer 5.000 kr i månaden. Du finn henne på Instagram under namnet @bente_lill_sparetips.

Kunsten å planlegga

– Eg har jobba i matbutikk sidan 2012. Kvar dag treff eg folk som handla mat på same måten som eg gjorde før. Dei fyller korga impulsivt undervegs, kjem til kassen og ler av at det blei fem bæreposar når dei eigentleg berre skulle inn å kjøpa mjølk, seier Bente Linn.

Ein halv boks kokosmelk til overs? Frys restane ned i isbitposar og bruk dei i smoothie, supper eller i iskaffi. FOTO: @bente_linn_sparetips

Slik handlar ho ikkje sjølv lenger, og med det er matbudsjettet til familien redusert til 5.000 kroner i månaden.

Løysinga for familien blei eit hushaldningsbudsjett og planlagte handlelister. Dei gjer storhandelen ein gong i veka, vanlegvis på mandagen, for då er det mest 40-prosentvarer å få tak i.

– Frys ned det som har kort haldbarhet. Ikkje ver redd for datoen på for eksempel eggekartongen, egg varer mykje lenger enn det best-før-datoen tilseier. Elles er det viktig å halde seg til handlelista, ikkje bli frista til å kjøpe meir enn det du har bestemt deg for, tipsar ho.

Ta med ungane

– Bruk opp alle restar, frys ned om du ikkje får brukt det akkurat i dag. Både ostebitar og grønsaker kan frysast til seinare bruk.

Sjølv har ho funne mykje inspirasjon og idear frå andre på nettet. Men det har handla mest om å våga å prøva og feila på kjøkkenet.

– Og ta med ungane på matlaginga. Lær dei å laga mat, og lær dei verdien av mat. Å kaste mat er som å kaste pengar!

Prøv deg på Ida Marie si pavlovabombe

5 stk eggekviter
0,5 ts salt
120 g melis
120 g sukker

Gul krem
3,5 dl kremfløyte
8 eggeplommer
200 g sukker
5 ts maisenna
4 ts vaniljesukker
0,5 ts salt
300 g meierismør

Pasjonsfruktkrem
3 dl kremfløyte
4 stk pasjonsfrukt

Fyll
Ferske jordbær, blåbær og bringebær

Slik gjer du

Sett omnen på 140 grader varmluft

Lag marengsen: Skil eggekvite frå eggeplomme. Ha eggekvitane i ei bakebolle med salt. Pass på at du ikkje får spor av eggeplommene i eggekviten. Visp kvitane og salt til luftig skum.

Tilsett deretter lit og litt sukker medan du vispar på full styrke.

Når alt sukkeret er vispa inn, ha i litt og litt melis. La maskinen gå eit par minuttar på høg hastighet. Visp til den er luftig og blank. Legg marengsen over på eit bakepapir og smør den utover til den størrelsen du ønskjer. Steik på varmluft, midt i omnen, på 140 grader i ca 60 minutt. Denne marengsbotnen blir sprø utanpå og mjuk inni. Liker du den sprø kan du doble steiketida.

La marengsbotnen stå på det varme steikebrettet til den er avkjølt.

Lag gul krem
Ha fløyte, eggeplommer, maisenna, sukker, salt og vaniljesukker i ein kjele. Rør godt saman med ein ballongvisp eller ein stavmiksar.

Sett deretter kjelen på varmen, og visp godt heile tida, til eggekremen begynner å tjukne. Det er viktig å røre godt i botnen, slik at den ikke svir seg. Kremen blir tjukkare jo varmere den blir. La kremen småkoke maks eit minutt, medan du rører godt.

Trekk kjelen vekk frå varmen når den har kokt i ett minutt. Visp inn litt og litt smør om gongen. Det er viktig å ikkje ha for mykje smør i, for da kan kremen skilje seg.

Ha kremen over i ei skål og dekk med plastikkfolie heilt ned til kremen, slik at det ikke blir snerk. La den kjøle seg litt ned på benken, før du set den kaldt, gjerne over natten.

Lag pasjonsfruktkrem
Pisk fløyte til tjukk krem. Vend inn pasjonsfruktkjøtet.

Monter kaka: Legg marengsbotnen oppå eit passande kakefat. Ha den gule kremen i ein sprøytepose med store sprøytetipp, sprøyt den oppå marengsen. Ha deretter pasjonskremen over, legg på friske bær og litt pasjonsfrukt rett før servering.

Bente Linn sitt brød

Har du halvslappe gulrøter eller mjølk som har gått ut på dato, men fortsatt er god? Av denne oppskrifta kan du lage både brød og rundstykke.

Steik brød i 1 time på 200 grader, og rundstykker på 225 grader i ca. 15 minuttar.

900 g kveitemjøl
300 g sammalt kveitemjøl
100 g sesamfrø
7 dl mjølk
1 ½ dl olje
4 raspa gulrøter
½ pk fersk gjær