Nattverden er ein del av altertavla i
Sveio kyrkje
Nattverden er ein del av altertavla i Sveio kyrkje FOTO: Arild Steinsland

Å ta sorgene på førehand?

Mange er gode til å ta sorgene på førehand. Sånn litt for sikkerheiten si skuld. Jesus var god til å leve nå!

Sånn ser det i alle fall ut for meg. Matteus skriv: Jesus drog no opp til Jerusalem. På vegen tok han dei tolv læresveinane til sides og sa til dei:

«Sjå, vi går opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast over til overprestane og dei skriftlærde. Dei skal dømma han til døden og gje han over til heidningane, så han blir spotta, piska og krossfest. Og tredje dagen skal han reisast opp.»

Arild Steinsland, sokneprest i Sveio

Læresveinane forstod ingenting. Kvifor seier han dette? No når dei hadde så godt og kjekt saman.

Så var dei samla til måltid på skjærtorsdag og alt var kjekt og godt igjen. «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk» Det har læresveinane og. Dei har gledd seg mykje til dette måltidet dei skal ha saman.

No er dei her. No lever dei. Dei lever godt. Dei deler det tradisjonelle jødiske påskemåltidet. Ingenting er endra på. Alt er med. Dei småpratar, kanskje latteren sit laust. Jo, noko er nytt.

Han innstifter nattverden med å dele brød og vin og seie «Dette er min lekam, og dette er mitt blod. Gjer dette til minne om meg». Noko nytt, men ennå er det roleg fellesskap rundt eit godt måltid. Dagen før det brakar laus!

Men Jesus er spent. Det kjem fram når han seier: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida.» Det er det han seier, men læresveinane ser ikkje ut til å forstå noko.

Når vi står ovanfor noko stort og vanskeleg er det andre ting som betyr noko. Det betyr meir å vere saman. Det betyr meir å vere med familien og dei næraste venene. Jesus er fullt og heilt menneske. Han søker nærheit med dei som står han nærast.

Vi søker saman når farar truer. Vi er skapt till fellesskap med kvarandre. Når farar truer er det andre ting som betyr noko.

Vi er skapt til fellesskap med Gud. Vi søker Jesus når farar truer. Han var heilt og fullt menneske og Gud. Han har gått gjennom noko for oss. Han seier: «Kom til meg alle de som strevar, eg vil gje dykk kvile». Han ber oss om å dele nattverdsmåltidet saman. Det er fellesskap både med kvarandre og med Gud. Ingen av oss forstår nattverden, men vi forstår at det er fellesskap og vi forstår orda: «Kom, for alt er ferdig»

På skjærtorsdagen er han saman med sine og det er godt å vere saman. Morgondagen skal bli heilt annleis! Han let ikkje sorgene komme på førehand! Han er saman med sine.

Arild Steinsland,

sokneprest i Sveio