Han held min morgondag i si hand. Illustrasjon: Ruth Linda Årre
Han held min morgondag i si hand. Illustrasjon: Ruth Linda Årre

Det går ein veg vidare

Påskeaftan. Det er ikkje mykje å lese i Bibelen om laurdagen i påskehelga, og om Jesus sine venner, mest ingenting frå denne dagen.

Berre eit halvt vers i Lukas evangelium, som slår fast om nokre av Jesus sine kvinnelege etterfølgjarar at «På sabbaten heldt dei seg i ro, som lova kravde.».

Om ikkje Bibelen seier noko om korleis Jesus sine venner hadde det denne dagen, så kan me kanskje ane litt av kva som må ha gått føre seg. Vel heldt dei seg nok i ro fysisk, men det kan neppe tenkjast å ha vore ro som råda på innsida.

Ruth Linda Årre, Filadelfia Auklandshamn Foto: Privat

Undergjeraren, læraren, vennen, han som var sendt av Gud, han som dei hadde satsa livet på… No var han borte, og alt var tilsynelatande over. Ferdig. Endeleg punktum satt.

Men kanskje var det heller ikkje storm på innsida. Kan hende det kan bli så tungt og vanskeleg somme tider i livet at ein ikkje orker å ta inn over seg stormen ein gong. Kanskje kjendest det meir som eit vakum. Som eit stort, svart ingenting.

For oss i ettertid, som kjenner til heile historia, blir laurdagen berre den eine dagen i mellom. Mellom det som såg ut som tragedie på langfredag, men som på 1. påskedag viste seg å væra den triumferande sigeren. Men disiplane kjende ikkje utgangen på historia ennå. Dei var berre fanga i eit stort svart ingenting, som ein vanskeleg kan førestilla seg at dei såg nokon veg ut av.

I møte med dei vanskelege og tunge tinga i livet kan det nok somme tider være vanskeleg å tru på, og enda vanskelegare å sjå, at det går ein veg vidare. På Filadelfia sitt søndagsmøte på nett for eit par veker sidan minna eg om ein song som eg hugsar frå heimen min:

«Jeg vet intet om i morgon … men jeg kjenner Han som vet det, det er Han som har meg kjær.» Eller som tittelen lyder på den opphavelege teksten: «I know who holds tomorrow».

Anten dagen i dag er lys og fylt av glede, eller mørk og stormfull, eller kanskje berre eit stort, svart ingenting, så er dette ei sanning som gjev meg tryggleik og kvile. Han held min morgondag i si hand.

Ruth Linda Årre,

Filadelfia Auklandshamn