Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.
ILLUSTRASJON: VIKANES BUNGUM
Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut. ILLUSTRASJON: VIKANES BUNGUM

Positive bassengsignal

Det er kjekt å sjå at eit stort fleirtal i hovudutvala ynskjer å plassere Bassenget ved Sentralidrettsanlegget i kommunen. Slik kan ein tolke signala frå dei ulike partia etter utvalsmøta måndag for to veker sidan.

Ved Vigdartun greier ein å byggje bassenget nær den største brukargruppa på dagtid, og ein kan få fine ringverknadar mellom idrettshall, skule, biblioteket, sentralidrettsanlegget og andre viktige sentrumsfunksjonar. Dette vil vere bra for heile Sveio, og eit løft for framleis å vere ein attraktiv kommune å bu i. Eit basseng vil vere eit moderne anlegg for symjeopplæringa  i skulen, men like mykje eit anlegg for å fremje den generelle folkehelsa for menneske i alle aldrar.

Det er no det er tid for å satse, og det er no det er tid for å gjere tiltak som kan vere med på å halde hjula i gang, og sysselsetjinga oppe i ein vanskeleg periode for mange bedrifter. Staten vil hjelpe kommunar og privat næringsliv med å komme over «koronakneiken», og difor er det viktig at me har klare prosjekt som kan skape aktivitet og entusiasme både på kort og lang sikt. Basseng i Sveio kan vere eit slikt prosjekt.

Sveio Ap vil i samarbeid med andre parti vere med på å stake ut kursen for eit anlegg som gir Sveibuen maksimal uttelling for kommunale kroner i høve til investeringar og ei nøktern drift. Politikk handlar ofte om å ville skape og byggje eit betre samfunn enn det me allereie har. Det er difor flott å sjå at så mange parti viser at dei vil det same, og at me er i ferd med å bli samde om vegen dit i saman. Me ser fram til det vidare samarbeidet med å løfte Sveio.

Beste helsing
Asle G. Halleraker og Håkon J. Skimmeland
Sveio Ap