Denne steinen fann Else Mønnich Egenberg då ho gjekk tur på Helsestien.
Denne steinen fann Else Mønnich Egenberg då ho gjekk tur på Helsestien. FOTO: Else Mønnich Egenberg

Ein ord-klem langs vegen

Steinar med tekst, påskeegg og hjarter er nokre av dei kreative tinga Vestavind har høyrt om. Alle med eit føremål; å gje håp og glede.

Alt blir bra er blitt langt meir enn ein floskel i desse koronatider. Malt på steinar, skrive på plakatar eller andre oppfinnsame og kreative ting.

Else Mønnich Egenberg er ein av dei som har funne gode ord på sine turar.

– Steinen på bildet fann eg då eg gjekk tur på Helsestien like ved Valevåg bruk. Den er enkel og fin, og samtidig så positiv. Det at nokon har lyst til å gleda andre på denne måten, er det store poenget. Takk for det, seier Egenberg, som delte bildet på facebooksida Valevåg.

Å gje ein klem må me halda oss unna. Og me skal helst ikkje gå nærare kvarandre enn to meter Det har fått fram kreativiteten hos mange.

Alt blir bra-album

Me i Vestavind håper lesarane vil dela små og store gleder dei finn på sin veg med oss. Ta bilde av steinen, plakaten eller andre oppmuntrande ting du finn. Skriv litt om kvar du du fann oppmuntringa, og kva du synest om den. Send tekst og bilde til tips@vestavind-sveio.no

Du kan også bruka hashtagen #altblirbrasveio på Instagram. Hugs at du må ha open brukar om hashtagen skal virka, eller la @vestavindsveio følgja deg.

Me lagar eit bildealbum – «Alt blir bra» – og du er med på å gjera dagen litt betre for mange andre.