Klinikkoverlege Helge Espelid og sjukepleiar  Maria-Linn Johansen Kalvatn er glade for å kunne ta opp att meir normal aktivitet i veka som kjem. Foto:
Klinikkoverlege Helge Espelid og sjukepleiar  Maria-Linn Johansen Kalvatn er glade for å kunne ta opp att meir normal aktivitet i veka som kjem. Foto: FOTO: Eirik Dankel, Helse Fonna

Ber pasientane møta til timane sine

Frå og med i dag er Helse Fonna klare for å auka talet på operasjonar att. For å få unna køen, ber dei pasientane om å møta opp som avtalt, eller gje beskjed om dei ikkje kan komma.

– Køane har auka dei siste vekene i samband med koronatiltaka, og vi ser fram til å starta med å behandla pasientar att. Eg er glad for at dei som har behov for det no får høve til å gjennomføra operasjonane sine, seier klinikkoverlege Helge Espelid ved kirurgisk avdeling på Haugesund sjukehus.

Dei siste vekene har vore unormalt rolege, og eigentleg nokså merkelege for dei tilsette på avdelinga. For medan heile Helse Fonna har vore i korona-beredskap, har køane blitt lenger og lenger, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.

Ventar travle tider

Frå og med i dag blir aktiviteten auka gradvis innan poliklinisk behandling og operasjonar, noko Espelid er glad for.

Men han understrekar at det er svært viktig at pasientane møter opp til timane sine, eller gir beskjed om dei ikkje kjem.

– Me ventar eit stort arbeidspress framover, det må til for å få unna køen. Nettopp difor er det viktig at pasientane møter opp som avtalt, eller gir beskjed om dei ikkje kjem, slik at vi kan kalle inn andre. Ingenting er verre enn å sitja der utan pasient til planlagt operasjon, seier Espelid

Han forsikrar at det er trygt å komma til sjukehuset. Det er iverksett ei rekkje tiltak, så pasientane kan vera sikre på at dei er trygge når dei  kjem til behandling.

Ekstra smitteverntiltak

Blant tiltaka som er innført er at alle som skal til poliklinisk behandling får tilsendt ein SMS med informasjon, og dei som skal til operasjon blir oppringt i forkant.

I tillegg er det større avstand mellom stolane på venteromma, og tometersregel i ventesoner. Sidan det er besøksforbod og strengare adgangskontroll på sjukehusa under koronapandemien, vert det oppmoda om at ein avgrensar talet på kor mange som hentar og bringer pasientar.

– Helst vil vi at pasientane kjem åleine, men i nokre tilfelle må dei ha med seg pårørande. Då ber vi om at dei berre har ein person med seg. Og så er det viktig at ein møter så presis som mogeleg, og ikkje for tidleg, slik at vi unngår at det hopar seg opp med folk i ventesonene, understrekar klinikkdirektør Kjersti Tollaksen ved kirurgisk klinikk.