nyhende
Regionvinnar i vest
Butikkeigar Åse-Marie Økland jublar over at Auklandshamn Dagligvare er kåra til Årets nærbutikk i region Vest. Nå konkurrerer butikken med fire andre regionvinnarar om å bli Årets nærbutikk på landsbasis.
Regionvinnarane har så langt fått ein premie på 10.000 kroner kvar.
– Etter folkemøtet i fjor var det mange som fekk augo opp for kva me faktisk gjer i lokalsamfunnet, seier Økland til kjedeavisa Nærbutikken.
Ho gjentar det same overfor Vestavind. Folkemøtet ho refererer til, blei halde i februar i fjor etter at Økland hadde tatt kontakt med driftsleiar og Nærbutikk-kjeda og konsulent i Merkur for å snu ein negativ trend.
Mykje meir enn butikk
Det har ho lukkast med. Juryen har lagt vekt på dette initiativet, og også på barnekinoen som butikken arrangerer kvar laurdag, torsdagsklubben for eldre, spelekveldar, og ikkje minst butikken sitt tilbod til skuleelevar ein time før skulestart kvar morgon.
– Eg kallar dette tilbodet «Open dør», seier Økland sjølv.
Juryen har også trekt fram servicen overfor kundane, mellom anna med utkjøring av varer. Som Vestavind har fortalt tidlegare, kjører daglegvarebutikken i Auklandshamn ut varer til kundar som ønskjer det, kvar dag. Dette er framleis eit ettertrakta tilbod, fortel Økland.
160 butikkar innan Nærbutikk-kjeda er med i den interne konkurransen om å bli Årets nærbutikk. Nærbutikk-kjeda omfattar dei minste daglegvarebutikkane som er med i NorgesGruppen gjennom Kjøpmannshuset Norge AS.