Vaksenopplæring på bokmål

Fleire nynorsktilhengarar blant formannskapsmedlemmene hadde måndag behov for å forklara kvifor dei likevel går inn for bokmål som opplæringsmål i vaksenopplæringa.

Og forklaringa var den same: Alle meinte det er viktigare at framandspråklege elevar lærer norsk enn at dei får opplæringa på kommunen sitt målføre.

Det har vist seg at det er lettare for framandspråklege å læra bokmål, mellom anna fordi dette er det dominerande målføret både i media og elles i samfunnet. Leiinga for vaksenopplæringa ved Førde skule har difor gått inn for å skifta tilbake til bokmål etter ein kort periode med nynorsk som opplæringsmål.