Biltjuveri enda i grøfta på Gullvegen

I stolen bil køyrde dei to mennene, begge kjenningar av politiet, frå Haugesund til Sveio. Etter ein tur til Ryvarden fekk køyreturen ein brått slutt då sjåføren sovna bak rattet, bilen stod bom fast nede i eit hol i vegen. Kompisane stakk frå staden, men blei raskt oppspora av politiet.

Den tiltalte, ein 50 år gamal haugesundar, har forklart at kvelden hadde starta med ein bingokveld i Haugesund. Då dei forlet lokalet tok kameraten ei jakke som ikkje var hans, i lomma låg eit sett med bilnøklar. I parkeringshuset like ved fann dei fram til bilen som nøklane høyrde til, og snart var dei på hjul nordover mot Sveio. Haugesundaren var passasjer, men er nå tiltalt for medverknad for biltjuveriet.

Det har gått nesten to år frå forholdet blei begått til saka blei oversendt Haugaland tingrett. På grunn av den lange sakstida er tiltalte innrømma betydeleg straffereduksjon. Fengsel blei sett til 45 dagar.

I denne dommen inngår både medverknad til biltjuveri, og bruk og oppbevaring av 254 tablettar Rivotril. Haugesundaren er tidlegare straffedømt sju gonger, i hovudsak for narkotika- og vinningkriminalitet.

Domfelte går nå på LAR og får subutex. Han har som mål å koma ut av dette, og ønskjer å sona dommen under eit behandlingopplegg.