Sveio Drill - Skjermbilde
FOTO: Skjermgrabb frå videoen

Drillar saman kvar for seg

Dyktige Sveio drilltropp saknar å drilla saman, men får det til digitalt. Vestavind har fått lov til å dela videoen dei har laga til den verdsomspennande «Pass the baton challenge».

Alle medlemmene i Sveio drill fekk fem dagar på seg til å senda inn ein video anten på Facebook, Snap eler Instagram. Så måtte hovudinstruktør Marilena Panayiotou læra seg noko nytt: å redigera video.

– Me la opp til at alle skulle kasta staven inn og ut. Det fungerte veldig bra som stafettpinne frå den eine til den andre, fortel Panayiotou.

«Pass the baton challenge» går no rundt heile verda. Ein blir ikkje utfordra direkte, men hiv seg med om ein vil. Dei meriterte drilljentene frå Sveio har også sett kjende på drillvideoar frå andre land.

Som for mange andre, blei det brått slutt på felles treningar 12. mars. Panayiotou er glad for at det er letta litt på restrikasjonane.

– Etter så lang tid, treng me å møtast igjen. Alle er blitt oppmoda til å trena kvar for seg. No vil me prøva å få til drilling i små grupper framover, seier Panayiotou.

Dette er ein video til å både bli imponert og glad av. God fornøyelse!

P.S. Enkelte lesarar har problem med å få opna videoen når dei går inn via lenka på Facebook. Dersom du ikkje får tilgang til videoen, kan du trykka HER