Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio.
FOTO: ARKIV
Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio. FOTO: ARKIV

Mopedlappen blei berre sju timar

Mopedførar stakk av frå kontroll på Ekrene. Og 14 ble teke i laserkontroll på Haukås.

Tysdag ettermiddag hadde Utrykningspolitiet (UP) laserkontroll på Ekrene. Ein moped som kom kjørande, snudde brått og stakk då han oppdaga kontrollen.

– Mopeden vart funne eit stykke lenger sør, men føraren var forsvunne. UP fekk assistanse av ein hundepatrulje for å spora opp føraren, men han dukka opp før det vart sett i gong søk, seier vaktsjef Håkon Tornes ved Haugesund politistasjon.

Nekta for å ha kjørt

Mopdeføraren nekta for at det var han som hadde kjørt, men skjøna etter kvart at det ikkje var nokon veg utanom å tilstå.

– Mopedførarbeviset hans rakk ikkje å bli eldre enn sju timar før det vart beslaglagt. No blir han fotgjengar inntil vidare, seier Tornes.

14 for fort på Haukås

UP tok seinare på kvelden turen til Haukås. Sjøv om 60-sona her er ein av dei oftast kontrollerte strekningane på E 39, blir det alltid fangst.

19.36 rapporterte UP at dei hadde stoppa 14 bilar og skrive ut like mange forenkla forelegg. Høgaste fart vart målt til 83 km/t. Det er tre kilometer i timen unna beslaglagt førarkort.