Knappe 50 slike skilt blir no sett opp i vårt sjøområde.
Knappe 50 slike skilt blir no sett opp i vårt sjøområde. FOTO: Tor André Johannessen

Set opp fartsskilt i 19 område

1. juni trer den nye forskrifta om fartsbegrensingar i vårt sjøområde i kraft. Karmsund Havn er no i gang med skilting av dei 19 områda som skal regulerast.

Den nye forskifta vart godkjent av Kystverket 28. okotber, og gjeld for Sveio, Bømlo, Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn.

Skilta som blir sett opp er firkanta, kvite med raud ramme, og talet 3, 5 eller 8 for kor mange knop det er lov å halda.

Formålet med ei lokal fartsforskrift er å regulera farten i enkelte område, for på den måten å redusera risikoen for samanstøyt, grunnstøyting og liknande, skriv Karmsund Havn på si nettside.

Eit anna viktig moment er at kjølvassbølgjer kan gjera skade på installasjonar, folk som er på desse og fartøy som ligg ved kai. Plassar der det er bading er allereie dekka av ei sentral forskrift, som definerer 5 knops fart ved slike plassar.

Kan gje fartsbøter

Med ei forskrift på plass, vil også politiet kunna skriva ut bøter til dei som ikkje held fartsgrensa.

Fram til no har det berre vore to lokale fartsforskrifter for vårt sjøområde. Begge i Bømlo kommune i Langevåg og Kulleseid. Andre kommmunar har skilta fartsbegrensing i enkelte område, men desse har altså ikkje vore fastsette i ei forskrift.

Fartreguleringane som nå er fastsett er basert på faglege vurderingar av områda som tidlegare har vore skilta med «Sakte fart», «3 knop» og «5 knop», samt høyringssvar i samband med forskriftsprosessen.

Nye område

Her er oversikta over områda som blir regulert i den nye forskrifta:

Sveio
Vågskjeften (5 knop)

Bømlo
Brandasundet (8 knop)
Kulleseid (5 knop)
Røyksund (5 knop)
Langevåg (5 knop)

Haugesund
Vikse (8 knop)
Røvær (5 knop)
Vibrandsundet (8 knop)
Smedasundet (5 knop)

Karmøy
Feøy (3 knop)
Røyksund (5 knop)
Nordalsbotn (5 knop)
Kopervik (5 knop)
Veavågen (5 knop)
Salvøy (5 knop)
Sævelandsvik (5 knop)
Åkrahamn (5 knop)
Skudeneshavn (5 knop)

Bokn
Sunnalandsstraumen (5 knop)

Kjelde: Karmsund Havn