FOTO: Folkehelseinstituttet

Stabile korona-tal dei siste vekene

Tala for registrerte smitta i kommunane i vårt distrikt er stort sett like som for halvanna ei veke sidan.

Fredag melder Helse Fonna at det er innlagt 2 pasientar med påvist covid-19 på Haugesund sjukehus. Begge, ein vaksen (18-64 år) og ein eldre (65+), får intensivbehandling.

I Sveio er det ikkje endringar i høve talet på registrerte smitta. Det er som for halvanna veke sidan 4. I Haugesund har talet på registrerte smitta halde seg på 50 lenge no. I dei andre kommunane rundt oss ser det også stort sett likt ut som for vel ei veke sidan:

Fitjar 8, Stord 6 (5), Bømlo 4, Tysvær 20, Karmøy 37 (36), Bokn 1, Vindafjord 11 og Etne 4.

Vestland fylke har no 829 (680) med bekrefta koronasmitte, og 23 (12) er døde. I Rogaland er tala 397 (384) smitta og 3 (2) døde. Ingen av dei døde er frå Sveio eller våre nabokommunar.

Av totalt ca. 4.000 medarbeidarar i Helse Fonna, er 18 tilsette i koronarelatert fråver eller karantene.