nyhende
Gler seg til å ta imot elevane
Måndag kjem 48 elever frå 1.-4. klasse på skulen igjen i Førde. – Det er mykje som er annleis, og den første veka blir det nok mykje drilling, seier rektor Solveig Røynstrand.
Den nasjonale rettleiaren for skuleopninga kom måndag. 20 tettskrivne sider med ei rekkje lenkjer med fordjupingar. Kort oppsummert er det tre hovudpunkt: smittevernskule, god hygiene og redusert kontakt. Vestavind fekk fredag besøka Førde skule for å sjå korleis dei har innretta seg før skulestart.
– Det er ingen foreldre som har meldt til meg at dei er bekymra for å senda ungane sine på skulen igjen. Me har fått mange meldingar om at elevane gler seg, og det trur eg foreldra gjer også. Men det har vore nokre spørsmål kva ein skal gjera om nokon er sjuke. Svaret på det er enkelt, og gjeld både elevar og tilsette: er ein sjuk, skal ein halda seg heime, seier rektor.
Gler seg til liv på skulen igjen
Ho gler seg veldig til at det blir liv på skulen igjen, og at ein kan ta tilbake litt av «normale» dagar igjen. I anførselsteikn, fordi det ikkje blir normale dagar på lenge enno.
– Koranaepidemien har gjort noko med ei heil befolkning. Samstundes tenkjer eg at det har vore greit å læra seg at ein ikkje har vondt av å halda avstand. Så får vi gradvis finna tilbake til klemmestadiet, seier Røynstrand, før ho viser Vestavind rundt på skulen.
Kvar klasse har fått sin eigen inngang. Dei er grundig merka, og det er avstandsmerke med ein meter mellom på heile skulen. Kvar klasse har også sitt eige toalett.
Kvar pult har si tomt
– I klasseromma er det god avstand mellom pultane, og kvar plass har si oppmerka tomt. Når elevane har undervisning, skal dei halda seg på si tomt. Framfor læraren sin plass, er det merka med raud tape for å markera at lenger fram skal ikke elevane gå. Den einaste som får lov å flytta på seg i timane, er læraren.
Elevane har også kvar sin boks med diverse skrivesaker og anna. Alle har også kvar sin pakke med papirlommetørkle. Alt er sprita, og det er vask, sprit, hanskar og munnbind i alle klasserom.
Svært nøye på handhygiene
Ein ting elevane kjem til å bli veldig gode på, er handhygiene. Når dei kjem, blir dei tatt imot av ein vaksen og stiller opp ute med ein meters avstand. Deretter slepp dei inn, ein og ein eller to og to. Så følgjer ein vaksen dei til klasserommet der dei må vaska hendene.
– Når dei går inn i skulebygget må dei vaska hendene. Når dei går inn og ut av klasserommet må dei vaska hendene. Også når dei har vore på toalettet, sjølv om dei skal vaska hendene der, seier rektor.
Skulen har løyst friminutt med at klassane har friminutt til ulike tider. Då kan klassane bruka heile utområdet utan å ta omsyn til andre. Når elevane har friminutt, blir pultane vaska.
– I rettleiaren foreslår dei at elevane kan hjelpa til med å vaska pultane før dei går til friminutt. Me har eit fantastisk reinhaldspersonale, som sjølv foreslo at det var betre dei gjorde dette. Det var enkelt å løysa når friminutta er til ulike tider, fortel Røynstrand.
Heile skulen er merka opp
Reinhaldspersonalet har også brukt ledig tid til å vaska rein heile skulen. Og dei har vore viktige medhjelparar i førebuingane til oppstarten måndag. Ikkje berre med reingjering: det er også dei som har gjort det meste av merkinga på skulen.
Over alt på skulen er det også plakatar som minner om kva ein skal gjera. Det kjem likevel til å vera veldig mykje å hugsa på i starten.
– Den første veka blir det mykje drilling og terping, men det trur eg kjem til å gå veldig bra. Ein annan ting som vil bli annleis, er at me kjem til å vera mykje ute, uansett vêr, så me håper det blir mange fine dagar framover, seier rektoren.
– Har bruk for alle tilsette
Ho og nokre få andre har vore på skulen gjennom heile perioden skulen har vore stengd. Lærarane hadde heimeundervisning med klassane fram til onsdag, og har vore med på å gjera klart sidan torsdag.
– Nokre av lærarane har vore litt urolege for korleis dette skal gå. Men etter desse dagane trur eg alle er trygge på at dette går bra. Den største utfordringa er når elevane kjem og drar frå skulen. Då er det mange til stades samtidig. Foreldre som vil og kan, må gjerne følgja barna sine til skulen og henta dei etter skuletid, men dei får ikkje komma inn.
Den nye skulekvardagen krev også at alle lærarar og assistentar er på jobb. Dei som har ansvar for 5., 6. og 7. klasse, held fram med heimeundervisning inntil vidare.
1. og 2. klasse har ikkje Chromebook, så der har ikkje lærarane hatt den daglege kontakten med elevane på same måte som dei høgare klassane.
Deler klassen i grupper
– Eg gler meg til å sjå elevane igjen. Fram til no har eg hatt kontakt på telefon og kjørt rundt med arbeidsoppgåver. Og henta ferdige oppgåver rundt i postkassar. Det skal bli godt å koma i gang igjen, seier Astrid Sandvik, som er er kontaktlærar for 1. klasse.
Etter å ha vore med på å gjera klasserom og skule klar til måndag, er ho trygg på at dette kjem til å gå bra.
– Alt er tilrettelagt for best mogeleg smittevern med faste plassar der dei har alt dei treng frå bøker til papirlommetørkle. Når me er ute er dei delt i grupper på tre elevar i kvar, så byter me på gruppene veka etter. Det blir mykje nytt for elevane den første veka, og det blir spennande å sjå korleis det går, seier Sandvik.
Informasjonsskriv
Fredag ettermiddag sende rektor eit informasjonsskriv til foreldra. Der blir mellom anna foreldra oppfordra til å halda oppe leseaktiviteten heime, sidan det ikkje vekeplan med lekser første veka.
Andre punkt er at SFO vil gå som vanleg, men med samme hygienerutine. Levering og henting på plassen utanfor SFO-inngangen.
For alle gjeld at dei må ha god niste med seg. Vatnautomaten på skulen er stengd. Skulemelk kjem, for dei som har abonnement.
Skulen oppfordrar også foreldra til å snakka med borna om at dei skal gå rett heim etter skuletid, utan å «klumpa» seg saman.
Som sagt, no handlar det om at vi alle held oss friske, slik at vi kan møtast på skulen kvar dag framover, skriv rektor.