Sveiogata 72 har fått ny eigar gjennom Bagne Eigedom, som er eigd av John Edvin Bagne (30).
Sveiogata 72 har fått ny eigar gjennom Bagne Eigedom, som er eigd av John Edvin Bagne (30). ARKIVFOTO

Mundal Haukås ny i Vestavind-styret

Vestavind har halde generalforsamling, og André Mundal Haukås går inn som nytt styremedlem. Bent Rune Sinnes vart attvald som leiar.

Mundal Haukås (H) går inn som politisk oppnemd representant frå Sveio kommune i inneverande kommunestyreperiode. Han tek over for Arne Tveit Katla (Ap), og var inntil i fjor tilsett som marknadsansvarleg i Vestavind.

André Mundal Haukås har tidlegare vore tilsett som marknadsansvarleg i Vestavind. FOTO: Kari Nilsdatter Haukås

Dei øvrige i styret er Bent Rune Sinnes, Bror E. Eriksen, Øystein Vormestrand (Haugesunds Avis) og Susanne Lie Vallestad, dagleg leiar i Vestavind. Sinnes vart attvald som leiar for eitt år.

Viktige støttespelarar

Situasjonen for Vestavind er utfordrande med svikt i annonseinntektene, men avisa har til no klart å ri av den verste koronastormen. Ikkje minst takka vera trufaste abonnentar og annonsørar.

– Dei er avgjerande for drifta av Vestavind. Avisa er til ei kvar tid summen av tilsette, annonsørar, abonnentar, andre lesarar og besøkande på papiravisa og nettavisa. Vestavind skal vera limet mellom bygdene i Sveio, løfta fram næringslivet og framheva Sveio som ein attraktiv bukommune både for unge, familiar og eldre. Det vonar me alle støttespelarane våre vil halda fram med å bidra til, seier styreleiar Bent Rune Sinnes på vegne av styret.

Heile 131 eigarar

Aksjonærlista viser også at sveibuane er engasjerte i Vestavind som eigarar. Til saman er det 5.370 aksjar og heile 131 aksjonærar med Haugesunds Avis og Sveio kommune som dei største eigarane.

Mediehuset Haugesunds Avis AS eig 40,6 prosent av aksjane. Sveio kommune eig 29,33 prosent. Dei nest største eigarene er Vestavind AS med 4,8 posent og Hardanger Folkeblad AS 4 prosent.