40.000 til sjøhuset i Buavåg

Kommunestyret i Sveio har løyvd 40.000 kroner til sikringstiltak ved sjøhuset i Buavåg. Summen skal dekka Vestlandske Grube Company AS sin eigendel i samband med arbeidet som skal utførast.

Mikal Møller Hovda (H)  melde seg inhabil då saka var opp på grunn av sitt styreverv i Vestlandske Grube Comany AS. Vedtaket blei elles gjort samrøystes, det vil seia med 24 røyster.