Kyrkjeverje Ottar Krakk veit førebels ikkje kva det vil koste å reparere lekkasjane i taket på Sveio kyrkje.
ARKIVFOTO
Kyrkjeverje Ottar Krakk veit førebels ikkje kva det vil koste å reparere lekkasjane i taket på Sveio kyrkje. ARKIVFOTO

Opnar for gudstenester og familiefestar

Frå 7. mai blir det igjen tillate med mindre arrangement for inntil 50 deltakarar. I Sveio kan det mellom anna opna for gudstenester og mindre kulturarrangement elles, men også for familiefestar så sant dei blir haldne på offentleg stad og med ein ansvarleg arrangør.

Det var statsrådane Bent Høie, Abid Raja og Iselin Nybø som var med på regjeringa sin pressekonferanse torsdag ettermiddag der oppmjukinga i arrangementforbode blei gjort kjent.

Regjeringsmedlemmene kunne også fortelja at det kan bli opning for kulturarrangement med inntil 200 personar frå 15. juni. For idretten sin del vil regjeringa kunngjera oppmjukingstiltak på sin pressekonferanse 7. mai.

Ei positiv endring helseminister Bent Høie (H) kom med på regjeringa sin pressekonferanse, var at frå i dag treng me ikkje å halda meir enn ein meter avstand frå kvarandre. FOTO: Borgos Foto AS

Allereie frå i dag gjeld ein ny regel om at det er nok å halda ein – ikkje to – meter til landre for å forebyggja smitte.

Grensa på 50 deltakarar vil då truleg også omfatta arrangement på nasjonaldagen. Elles varsla Høie at dei vil koma tilbake til 17. maifeiringa over helga.

Opnar for gudstenester

Utanom Sveio sentrum samlar Den norske kyrkja sine gudstenester i Sveio til vanleg færre enn 50 deltakarar, men talet stig fort om det er dåp eller andre spesielle arrangement. Sokneprest Arild Stensland kan ikkje seia noko om det blir gudsteneste for inntil 50 frammøtte i Sveio alt frå 10. mai.

– Eg vil avventa nærare informasjon frå bispedømmet, seier Stensland, som elles kan fortelja at Den norske kyrkja i Sveio nett har investert 50.000 kroner i nytt videoutstyr for å streama gudstenester på nett.

Dette utstyret vil bli brukt under årets 17. maifeiring. Det kan også bli aktuelt å streama gudstenester på nett etter at restriksjonane i samband med koronapandemien er oppheva, seier Stensland.

Frå 7. mai blir det igjen tillate med kulturarrangement med inntil 50 deltakarar.Det blir ikkje gjort endringar på forbodet mot arrangement med over 500 deltakarar fram til 1. september, understreka kulturminister Abid Raja på pressekonferansen. FOTO: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet

Føresetnaden for alle kulturarrangement med inntil 50 personar er at alle smittevernreglar blir følgde, og at den ansvarlege arrangører registrerer kven som er til stades.

Familiesamkomer

Reglane vil vera dei same for dei som ønskjer å feira åremålsdagar eller andre familiehendingar. Festen må haldast på offentleg stad, ikkje i privathus. Og det må vera ein ansvarleg arrangør som sørgjer for at både avstands- og hygienereglane blir overhaldne. Offentleg stad kan i denne samanhengen vera kaféar, restaurantar eller andre leigde lokale.

Om også serveringspersonale skal reknast med i talet 50, blei det ikkje gitt noko tydeleg svar på under pressekonferansen.

– Betyr lite for idretten

– Opning for arrangement med inntil 50 deltakarar vil bety lite for oss, seier Sveio Idrettslag sin leiar Lillian Rommetveit i ein kommentar til nyhenda på pressekonferansen.

For henne og resten av idretts-Noreg er det meir spanande å venta på det regjeringa har å fortelja om ei veke.

Opning for kulturarrangement med inntil 200 deltakarar frå 15. juni føreset at den positive utviklinga når det gjeld smittespreiing, held fram som nå.

For arrangement med over 500 deltakarar har regjeringa alt gjort det klart at dei blir forbodne fram til 1. september. Dette blir det ikkje gjort endringar på, understreka kulturminister Abid Raja på pressekonferansen.