Bladlus er eit vårteikn, men kanskje ikkje så hyggeleg som gauken.
Bladlus er eit vårteikn, men kanskje ikkje så hyggeleg som gauken. FOTO: Tor André Johannessen

Høyrt gauken eller sett bladlus?

Onsdag for ei veke sidan kom den første meldinga om gauk i Sveio. Eit sikkert vårteikn for mange.

 

Andreas Bårtvedt skriv i ein mail til Vestavind at han høyrde gauken klokka 10.30 heime på garden på Rødmyr onsdag 22. april. Han lurer, som Vestavind, på om det er fleire som har høyrt eit av høgdepunkta om våren.

Send oss gjerne ein mail både om dette og andre vårteikn. Og bilder om du har. Har nokon til dømes truffe på hoggorm i vår? Mailadressa er redaksjonen@vestavind-sveio.no.

Bildet til denne notisen er av bladlus og teke av Tor André Johannessen. Kanskje ikkje fullt så hyggeleg som gauken, men like fullt eit vårteikn, særleg for dei som har hagar.