Er det ikkje ein skremmande tanke at våre politikarar som er valde av folket  til å styra landet vårt på ein ansvarleg måte, gjer slike overtramp av lokaldemokratiet? skriv innsendaren
Er det ikkje ein skremmande tanke at våre politikarar som er valde av folket  til å styra landet vårt på ein ansvarleg måte, gjer slike overtramp av lokaldemokratiet? skriv innsendaren FOTO: Privat

Norske fjellheimar er no fritt vilt

Kjære lesar! Det er med tårer i augo eg skriv dette. Og eg trur mange gret med meg og fleire kjem til å gråta når dei for seint har oppdaga kva som er i vente.

Vindturbinar kjem no til å dukka opp som paddehattar over heile Haugalandet om ikkje særleg lenge. Eg kjenner det langt inn i hjarterota.

For den lesar som har følgt med vindturbinsaka i Tysvær ser det nå ut for at løpet der er køyrd og alt håp er ute. Heile det vakre Gudbrandsfjellet blir snart øydelagt med 11 monsterturbinar. Utifrå ei konsekvensutgreiing frå 2004 har Olje- og energidepartementet (OED) med Tina Bru frå Høgre, vår nye olje- og energiminister, godkjent sprenging av Gudbrandsfjellet i Tysvær og øydelegging av den storslåtte naturen der.

Tina Bru lova å koma til Tysvær for å sjå og høyra før det skulle koma ei avgjerd. Men ho valde å gi blaffen i det. Ho gav blaffen i lokaldemokratiet og alle lovnadane. Ho berre skreiv under og bestemte.

Eg kallar det ein arroganse på linje med Donald Trump. Eg kallar det eit svik av ypparste klasse. Det er også eit svik mot landet fordi det er pengesterke, utanlandske investorar som kjøper opp alle vindparkar i Noreg.

Er det ikkje ein skremmande tanke at våre politikarar som er valde av folket  til å styra landet vårt på ein ansvarleg måte, gjer slike overtramp av lokaldemokratiet? At de med opne augo går inn for å selja  fjella, og dermed råderetten vår, til pengesterke utanlandske investorar. For meg er det  heilt grusamt og uforståeleg.

Etter at nasjonal ramme for vindkraft vart skrota er no norske fjellheimar fritt vilt. Og NB! Kjære lesar! Det skal du vita. Grunneigarar med fjellområder blir lokka med millionbeløp for å gå med på å gi grunn for vindturbinar. Grunneigarar over heile Haugalandet blir etterkvart ringt opp. Eg har fått to telefonar, men har sagt blankt NEI.

Er du ikkje interessert i gode pengar? seier dei. Svaret mitt er at eg ikkje er interessert i denne type lokkepengar. Naturen eg eig er ikkje berre min. Den er alle sin. Min og din. Me må få la naturen leva sin uberørte liv som gir oss eit framtidsretta livsgrunnlag. Får ikkje dyr, fuglar, insekt og planter leva slik de har gjort i tusenvis av år, vil det slå tilbake på oss relativt fort. Det må me for all del hindra for barna og etterkomarane våre.

Dette bør alle grunneigarar, der mange av dei er Senterpartifolk, ta innover seg. Alle som kjenner ein grunneigar som eig eit fjellparti, må jammen vaka opp og stilla dei til ansvar. Svaret du kan få er at me gjer det jo for klima. Jommen sa eg smør. Det er det eine orde dei stiller seg bak. Då kan eg fortelja at naturen er jo vårt viktigaste klima.

Reduser bruk av olje, så får ein eit fantastisk klima! Det ser me i desse koronatider. Innbyggjarane i Tokyo ser himmelen, seier dei. Millionar av folk blir markert friskare pga av at bilar og anna utsleppsindustri no står stille ein periode. Koronaen har gitt oss muligheita til å sjå kor fort klimaet blir betre utan desse utsleppa.

No høyrer eg Erve i Sveio står for tur. Solvind energi har lokka grunneigarar med pengar att. Og du som ikkje eig noko får ingenting, bortsett frå ein vindturbin i synsfeltet, og er du uheldig og bur nære nok turbinen, må du rekna med at verdien av eigedommen din går ned i gjennomsnitt med 25 prosent.

Ver så snill og vakn opp! Tida renn snart ut.

Jens Dominikus Nagel Bjordal
Vikebygd