Asfaltering 2 Sveio

72 kilometer fylkesveg får nytt dekke

Vestland fylkeskommune skal fresa, vegmerka og asfaltere fylkesvegar for til saman 79,3 millionar kroner. I Sveio er det Sveiogata og eit kort stykke av Tjernagelvegen som får ny asfalt.

Til ny asfalt vil det gå med omlag 60 millionar kroner av dei 79,3 millionane som skal brukast på fylkesvegane. Det betyr at 72 kilometer veg vil få eit nytt og tryggare dekke.

I fjor blei det asfaltert for om lag 172 millionar kronar i tidlegare Sogn og fjordane og Hordaland fylke.

– I år har vi lite pengar til asfaltering, så samanlikna med i fjor blir det ikkje så mange fylkesvegar som får nytt dekke og asfalt, seier Åsmund Sekse, leiar for vedlikehald sør i Vestland fylkeskommune.

Han seier det ser ut til at det kjem meir midlar til dekkelegging neste år.

Dekkearbeidet vil starta i midten av mai, og det blir trafikkdirigering alle stader der det pågår asfaltering.