Det var ikkje dei store fartsoverskridingane under kontrollen i Førde, men dei som kjørte fortast vart vinka inn.
ILLUSTRASJONSFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK

11 førarar vinka inn i Førde

UP på Haugalandet har hatt ein travel dag. I Førde køyrde 11 vidare med med bøter i ulike storleikar.

Tidleg måndag ettermiddag vart høgaste fart i 60-sona på E 39 målt til 75 km/t. Det gir eit forenkla forelegg på 3.800 kroner.

UP var også på farten i Tysvær og på Stord. På Stord hadde dei trafikkontroll med fokus på bruk av mobiltelefon. Der vart det skrive ut tre forenkla forelegg.

I Tysvær var det fartskontroll på E 39 på Førland. Det kjørte fire for fort i 80-sona, og høgast fart vart målt til 107 km/t.

Så mykje kosta det å kjøra for fort

Når fartsgrensa på staden er 60 km/t eller lavare, og fartsoverskridinga er:

  • til og med 5 km/t – kr. 800
  • til og med 10 km/t – kr. 2.100
  • til og med 15 km/t – kr. 3.800
  • til og med 20 km/t – kr. 5.500
  • til og med 25 km/t – kr. 8.500
  • Over: Førerkortbeslag

Når fartsgrensa på staden er 70 km/t eller høgare og fartsoverskridinga er:

  • til og med 5 km/t – kr. 800
  • til og med 10 km/t – kr. 2.100
  • til og med 15 km/t – kr. 3.400
  • til og med 20 km/t – kr. 4.700
  • til og med 25 km/t – kr. 6.400
  • til og med 30 km/t – kr. 8.500
  • til og med 35 km/t – kr. 10.200
  • Over: Førerkortbeslag
    Kjelde: Lovdata