Mange må framleis ha heimekontor

Den gradvise opninga av Noreg vil truleg medføra at ein del av dei som har hatt heimekontor dei to siste månadane, kan venda tilbake til den faste arbeidsplassen sin igjen.

Dette gjeld likevel ikkje alle, sa barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad på regjeringa sin pressekonferanse torsdag.  Mellom anna er det spørsmål om arbeidsplassen er slik organisert at det er mogleg å overhalda smittevernkravet om tilstrekkeleg avstand.

Eit anna krav, som er mindre aktuelt i Sveio enn i dei større byane, er at dei som er avhengig av eit kollektivt transporttilbod for å koma seg på jobb blir bedne om å halda fram med å arbeida heimanfrå.

Barne- og familieministeren kom elles med krav  til kommunane om å prioritera sårbare barn og unge i tida framover.

Dessutan kom statsråden med ros til mellom andre ulike kyrkjesamfunn som har vore kreative og utvikla digitale løysingar for gudstenester og anna samkvem i den tida det har vore umogleg å samlast fysisk.