Leiar i Sveio IL, Lillian Rommetveit, er oppteken av at inneidrettar som volleyball og handball får koma i gang igjen.
Leiar i Sveio IL, Lillian Rommetveit, er oppteken av at inneidrettar som volleyball og handball får koma i gang igjen. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Nå kan inntil 20 trena saman

Regjeringa  opnar nå for trening i grupper på inntil 20 personar, sa kulturminister Abid Raja på regjeringa sin pressekonferanse torsdag. Han varsla også at seriespel i elitefotballen truleg vil koma i gang frå 16. juni.

Ifølge statsråden skal det også leggjast til rette for å spela kampar, men regelen om minst ein meter avstand må oppretthaldast. Idretthallane kan opna igjen, men ikkje garderobane. Symjeidrett og symjeundervisning i skulane er det meininga å opna frå 1. juni.

– Måndag vil me senda ut ein smittevernrettleiar særleg med tanke på barn og ungdom, sa kulturministeren også.

Inneidrettar

Leiaren i Sveio Idrettslag, Lillian Rommetveit, er glad for at det når går mot ei gradvis opning av samfunnet. Ho ser det som eit stort steg framover at skulane nå får opna for alle klassetrinn.

Rommetveit følgde ikkje pressekonferansen, men seier at ho generelt er mest oppteken av at inneidrettar som volleyball og handball får koma i gang igjen. Ho ser fram til den smittevernrettleiaren som Raja lovar, og er elles innstilt på å følgja dei råda som styresmaktene gir.