Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.
Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.

– Soldaten løfta meg opp og spanderte drops

Det er nå 80 år sidan krigen kom til Noreg. I Vestavind denne veka kan du lesa åtte små historier der eldre minnast ting dei opplevde under andre verdskrig. Historiene byggjer på lengre intervju, gjort i 2018 og 2019, i samband med vår faste spalte «Våre liv».

Då Solveig Marie Salamonsen (f. Våga), kom til verda var Noreg under tysk okkupasjon. Ho voks opp i ein søskenflokk på fire, foreldra var Inger og Johannes Våga.

I det gamle våningshuset på småbruket på Lyngholm hadde det i si tid vore skjenkestove og gjestgiveri.

– Mitt første minne er to uniformerte soldatar som kom for å kjøpa mjølk, eg kunne vel ha vore rundt tre-fire år gamal. Far min avviste tyskarane blankt, men mamma la seg imellom og sa «la dei nå få seg ein mjølkeskvett, dei er nå folk dei også». Og slik vart det.

– Då dei hadde fått fyllt mjølkespannet sitt, løfta den eine soldaten meg opp. Eg kan ennå minnast den harde uniforma hans mot kinnet mitt. Deretter tok han opp ein rull frå lomma si, brekte av ein bit og gav meg. Det var ein bombom, noko eg aldri hadde sett før, langt mindre smaka. Eg saug og saug, noko så godt hadde eg aldri smaka, fortel Solveig.

I ettertid fekk ho vita at denne soldaten hadde sagt til mor hennar at han også hadde ei slik fin, lita jente heime i Tyskland.