Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.
Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.

Tyske soldatar henta leikekameratane – ho såg dei aldri igjen

Det er nå 80 år sidan krigen kom til Noreg. I Vestavind denne veka kan du lesa åtte små historier der eldre minnast ting dei opplevde under andre verdskrig. Historiene byggjer på lengre intervju, gjort i 2018 og 2019, i samband med vår faste spalte «Våre liv».

Margit Blytt (f. Creotz Olsen) kom til verda i 1936 i København. Margit sine foreldre var Johanne Hansine og Viggo Creotz Olsen. Margit sine bestevenner frå barnehagen var søskenparet Lullu og Allan. Dei var jødar.

– Ein dag kom bevæpna tyske soldatar og tok dei med seg saman med fleire andre. Eg såg dei aldri att. Soldatane ville ta meg også, men mor fekk forhindra det ved å visa fram dåpsattesten min. Mine blå auger, og det at eg hadde tysk etternamn, redda meg.

1957 skulle visa seg å bli eit skjebneår for Margit, som då var 21 år og nyutdanna gartnar. Mykje skjedde på kort tid då ho fekk jobb hos Sunnhordland planteskule i Valevåg, ein totalt ukjent plass for ho som var oppvaksen i København. Innan året var omme hadde ho forelska seg i odelsguten på nabogarden, stått brur og bar på deira førstefødde.