Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.
Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.

Avisbodet som ikkje let seg stoppa av krigen

Det er nå 80 år sidan krigen kom til Noreg. I Vestavind denne veka kan du lesa åtte små historier der eldre minnast ting dei opplevde under andre verdskrig. Historiene byggjer på lengre intervju, gjort i 2018 og 2019, i samband med vår faste spalte «Våre liv».

Målfrid Aarestad (f. Emmerhoff) vaks opp på Halsnøy i Kvinnherad. Då Tyskland gjekk til angrep på Noreg 9. april 1940, var ho på det 13. året.

Ein nabo var kommisjonær for Haugesunds Avis, og den dagen krigen braut ut gjekk Målfrid og bror hennar, Ragnar, som var tre år yngre, frå hus til hus for å krevja inn kvartalspengane. Fornying av abonnement kosta fire kroner og 50 øre, og av desse pengane utgjorde 50-øringen løna til avisbodet.

– Det skulle visa seg at få ville fornya abonnementet grunna krigen, men då me kom til ein avsidesliggjande plass augna me håp. Kanskje dei ikkje veit det er krig? Me bestemte oss for ikkje å seia noko. Der fekk me pengar, og etterpå gjekk me til bakaren og kjøpte eit smakfullt rosinbrød som me delte mellom oss og åt på vegen, minnest Målfrid.

Kvar dag etter skuletid leverte Målfrid og to av brørne hennar ut aviser til store delar av Halsnøy, i tillegg selde dei laussalsaviser på kaien når rutebåten kom.

– For pengane eg tente kjøpte eg beksaumskor. Dei kosta 13 kroner, minnast Målfrid som i dag bur på Sveio omsorgssenter.