nyhende
Sveio på veg til Rogaland?
Fylkesutvalet i Vestland si nedprioritering av Hordfast i Nasjonal Transportplan (NTP) utløyste eit opprør i kommunane sør for Bjørnafjorden. Onsdag kan Sveio formannskap gå inn for å starta prosessen med å skifta fylke til Rogaland.
Hordfast er ein del av «Ferjefri E 39», vegprosjektet som har som mål å gjera stamvegen på Vestlandet ferjefri. Torsdag 30. april vedtok fleirtalet i fylkesutvalet å prioritera ny E 16 og bane mellom Arna og Voss i NTP, og skyva Hordfast ut i tid.
Reaksjonane let ikkje venta på seg. Stord-ordførar Gaute S. Epland (Ap), var raskt ute med å tenkja høgt om skifte av fylke til Rogaland om fylkestinget gjer same vedtak tysdag 12. mai.
Opnar for skifte av fylke
– Det er utruleg skuffande og eigentleg ganske sjokkerande at fylkespolitikarane nå ikkje ser ut til å villa prioritera eit av dei viktigaste prosjekta for å knytta saman og utvikla det nye fylket vårt, sa han til Bergens Tidende like etter at vedtaket vart kjent.
Han fekk støtte av Sveio-ordførar Linn Therse Erve. Og dagen etter vart det kjent at også ordførarane i Etne, Fitjar og Tysnes held døra open for skifte av fylke dersom fylkesutvalet si innstilling blir vedteke i fylkestinget.
Ekstraordinært formannskap
Onsdag 13. mai er det kalla inn ekstraordinært formannskap i Sveio. Datoen er sjølvsagt ikkje tilfeldig valt, og fylkestinget sitt NTP-vedtak dagen før vil vera avgjerande for behandlinga av vedtaket som er foreslått:
1. Formannskapet ber rådmannen utarbeide sak til kommunestyret og gjere greie for kva prosess og prosedyre kommunen må følgje dersom Sveio ynskjer å søkje flytting til anna fylke.
2. Ordførar vert beden om å ta kontakt med andre unnhordlandskommunar for å undersøkje interessa for ei felles konsekvensanalyse for dei involverte kommunane ved eit evt. skifte av fylke.
Hordfast viktig for vidare utvikling
– Det er eit samla formannskap i Sveio som har sagt me skal drøfta forslaget til vedtak i det ekstraordinære formannskapet. Me vil då ta stilling til om me skal vedta dette forslaget, og starte ein slik prosess, seier ordførar Linn Therese Erve.
Ho understrekar at Hordfast vil bety svært mykje for vidare utvikling av næringsliv og busetnad i regionen, og skapa ein felles bustad- og arbeidsmarknad frå Stavanger til Bergen.
– Eg forventar at Vestland fylke viser at Sunnhordland er prioritert, og at når fylkestinget vedtar si uttale 12. mai, vil den visa ei høg prioritering av både ferjefri E 39 og rassikring på E 16, seier ordføraren.
Sør-Vestlandet?
I ein leiar i Haugesunds Avis 6. mai, avslutta ansvarleg redaktør Einar Tho med denne oppmodinga:
«Så kjør på, folkens. La oss samle storregionen vår i ett fylke. Blir det krangel om navn og slikt, er vi åpne for «Sør-Vestlandet», og for å legge administrasjonen sentralt, til Haugalandet.
Sunnhordland og Haugalandet vil være en betydelig og naturlig maktfaktor i eget fylke.»