Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.
ILLUSTRASJON: VIKANES BUNGUM
Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut. ILLUSTRASJON: VIKANES BUNGUM

To badeanlegg i same kommune?

Det er vel rimeleg å tru at om nokre år er Sveio ein del av Haugesund kommune, og vil med Sveio sine planar om eit badeanlegg enda opp med doble utgifter.

Sidan Haugesund er i ferd med å byggja eit nytt anlegg vil det eventuelt bli bygd to anlegg på Haugalandet samstundes. Heilt meiningslaust etter mi meining, om ikkje flaut.

Stord kulturhus vart gjort mogeleg med dei millioner som skipsreiar Hilmar Reksten bidrog med. Det var på 1960- og 70-talet det var ei storstilt bygging av tankbåtar på Stord Verft, og pengene sat laust.

Tysvær kommune har som kjent sin oljesmurt økonomi og kan tillata seg meir enn dei fleste, og anlegget på Aksdal er vel berre ein del av bonusen.

Haugesund er nå ein gong byen vår, og med tre anlegg i rimeleg nærleik skulle ein tru det var meir enn nok.

Industrifattige Sveio er ein bu-og hyttekommune, og slik sett kan det synast forlokkande med eit badeanlegg, men det er for mykje penger for ein leikeplass som berre gir nytte for få, og som alle må betalt for.

Hamnar mellom to stolar

Sveio har alltid havna mellom to stolar – Haugesund og Stord – både når det gjeld arbeid, skular, kultur og uteliv.

Ungdommen vår reiser ut. Berre eit fåtal vender heim og uvergeleg vert dei som er att eldre og eldre – samstundes vert det færre yrkesaktive bak kvar pensjonist.

Når skulane er slutt og arbeidsdagen omme, kor mange unge og arbeidsføre er det då att i Sveio sentrum ?

Symjeopplæring i skulen er det viktigaste her, uansett, og etter det eg har høyrt er anlegget ved Sveio skule godt egna til dette føremålet. Men alt treng vedlikehald –  og år om anna –  oppgradering. Dette er vel dei fleste einige om.

Det er mangt og mykje ein kan få gjort med dei millionar eit slikt anlegg vil kosta. Eg trur sveibuen vil vera betre tjent med ein meir innbyggjarvennleg politikk – hyttefolka inkludert.

Men korona-situasjonen vil nok gje dei styrande andre ting å tenkja på framover, og billig vert det ikkje.

Arne Aage Valen,
Valevåg