Det blir ikkje felles tog i Auklandshamn eller andre stader i år, men feiring av nasjonaldagen blir det i heile Sveio.
Det blir ikkje felles tog i Auklandshamn eller andre stader i år, men feiring av nasjonaldagen blir det i heile Sveio. FOTO: Einar Vestvik

Send oss dine 17. mai-bilder!

Bli med på Vestavind sin «fotodugnad» for å dokumentara den heilt spesielle 17. mai-feiringa det blir i år.

Det blir ingen felles tog eller samlingar i krinsane, men me er viss på at det blir ei flott feiring likevel. Me vonar lesarane vil dela sine bilder med oss og alle andre i Sveio. Frå flaggheising tidleg morgon til båtkonvoi. Og alt anna kjekt folk finn på, sjølv om ein må ta hensyn til smittevern.

Me lagar eit fotoalbum både på nettavisa og i papiravisa. Bildene sender de til redaksjonen@vestavind-sveio.no – helst innan klokka 21.00 17. mai.

Skriv gjerne litt om bildet; kvar, kva og kven som er fotografen.