Sveio vokalgruppe under opptak på Ryvarden. Innslaget blir vist på TV Haugaland si sending 17. mai.
Sveio vokalgruppe under opptak på Ryvarden. Innslaget blir vist på TV Haugaland si sending 17. mai. FOTO: Ole André Johansen

Vestavind sender direkte 17. mai

På oppdrag frå Sveio kommune vil Vestavind ha direktesending frå Sveio omsorgssenter 17. mai. Sveio får også god plass i TV Haugaland si sending på nasjonaldagen.

I år må ein bruka mobil, nettbrett, PC og TV for å få med seg det som er av offisielt program i krinsane. Sveio kommune legg fortløpande ut på si Facebook-side. Frå Sveio omsorgssenter kan du få med deg direktesending på Vestavind si nettavis eller facebookside. Der blir det mellom anna talar av to 10. klassingar og ordføraren, Sveio drill og Sveio skulekorps.

Det er gudstenester både i Sveio, Førde, Eikeland og Valestrand 17. mai. Alle blir livestreama på facebooksida «Sveiokyrkja». Tre av gudstenestene er ute, og det kan maksimum vera 50 personar til stades. Gudstenesta i Sveio kyrkje er ikkje open for publikum.

40 reportasjar frå Haugalandet

For dei som vil få med seg kva vakre Haugalandet har å by på, har TV Haugaland ei fire timar lang sending 17. mai. Der vil det mellom anna bli 40 reportasjar frå Utsira i vest til Åkrafjorden i nordaust, og Sveio er ein av åtte kommunar som blir presentert.

– Det som har gjort mest inntrykk er engasjementet til folk me har møtt. Dei har stilt opp i hopetall. I bunad, med nybonte veteranbilar og i korpsuniform med kornetten klar, i bilkortesjar og båtkonvoiar. Dei har klatra opp på dei vakraste fjelltoppane våre, og me har ete is med barnehagebarn i snøstorm, seier Karen Hesseberg, redaktør i TV Haugaland.