- I år kan du kan sjå kransenedleggingar og talar digitalt, skriv ordførar Linn Therese Erve.
- I år kan du kan sjå kransenedleggingar og talar digitalt, skriv ordførar Linn Therese Erve. FOTO: Ellen Marie Hagevik

17. mai-helsing frå ordføraren

På grunn av Covid-19 blir 17. mai i år annleis. Me kan ikkje feire Noreg sin nasjonaldag med folkefest. I år kan me ikkje gå i tog, me kan ikkje samlast på skulane med tradisjonelle 17. mai-leiker slik me pleier. Denne annleis 17. mai må me halde avstand frå kvarandre, noko som er langt frå slik det vanlegvis skal vere på nasjonaldagen.

Saman med 17. mai-komitéane i Sveio, Auklandshamn, Førde og Valestrand, har me lagt til rette for ei direktesending på internett, som du kan sjå på Sveio kommune si Facebook-side. Sendinga utanfor Sveio omsorgssenter vil bli sendt direkte på Vestavind si nettside. Du kan derfor sjå kransenedleggingar og talar digitalt i år. På grunn av smittevern vil eg presisere at det ikkje vil vere muleg å møte opp som publikum denne dagen.

Me vil og ha korps, drill og song utanfor sjukeheimen, til glede for bebuarane og tilsette der.

I tillegg vil eg oppmode dykk til å sjå innslag frå Sveio på TV Haugaland på 17. mai, eller Sveio kommune si nettside.

Denne nasjonaldagen, 17. mai-feiring i koronaens tid, må me feire kvar for oss. Så kan me glede oss over kransenedleggingar, talar og korps på digitale plattformar i år. Eg gleder meg til å sjå engasjement og initiativ rundt om i kommunen. Takk for at du bidreg til at det ikkje samlast folkemengder på 17. mai i år.

Sjølv om me ikkje kan gjere dei tradisjonelle tinga på 17. mai, så oppmodar eg dykk til å ta på dykk bunaden, festdrakta eller det du vil pynte deg med. Ta fram flagga, vink til veteranbilkortesje, traktorkortesje og båtkortesje frå hagen eller terrassen din, eller gå ut til vegen frå huset ditt.

Eg elskar 17. mai. Eg elskar dei verdiane me feirar på nasjonaldagen. Fridom. Likskap. Samhald.

Me feirar fridom, at me fritt kan sei det me meiner. Fridom er og mulegheiter, og fridom er fellesskap.

Me feriar likskap – at i Noreg kan me sjølv velje kva me vil bli, uavhengig av bakgrunn.

Me feirar samhald og solidaritet. I den siste tida, under koronapandemien, har samhald og solidaritet stått sterkt. Solidaritet med dei som er i risikogrupper, som risikerer å bli alvorleg sjuke av viruset. Me har vist at me står saman om dei smitteverntiltaka som er sett i verk.

Me feirar demokratiet. Eg er så inderleg glad og takksam for å bu i eit land der demokratiet, ytringsfridom og rettstryggleik står sterkt. At me har eit trygt fellesskap. Desse verdiane som står så sterkt i Noreg er kjempa fram, dei kjem ikkje av seg sjølv. Me ser i andre delar av verda at desse verdiane ikkje er til stades. At ytringsfridom vert slått hardt ned på, at det ikkje er frie val.

Det er lærdom for oss alle, og ei stadfesting på at me bur i ein gyllen del av verda. Det lengste strået trekk me kvar dag – over å få bu i verdas beste land. Men me må likevel vere klar over og verne om demokrati og velstand og vere viss på at solidaritet og omtanke for andre er det som sikrar og bygger denne velstanden og fridomen. Gode resultat krev engasjement og arbeid for fellesskapet. Det krev at me viser omsorg for kvarandre, og bryr oss om kvarandre.

Eg er stolt over å vere ordførar i Sveio, der me har eit samfunn som set inkludering og samhald høgt. Eit samfunn som er rause med kvarandre, og der me aksepterer kvarandre for den me er, uavhengig av bakgrunn, kjønn, etnisitet, eller kven du elskar. I Sveio tek me vare på kvarandre og respekterer kvarandre

Eg elskar våre sterke verdiar, men eg elskar og bunaden min, is, hurrarop og 17. mai-songar. Derfor skal eg eg gjere alle desse tinga på 17. mai i år, saman med min familie, med avstand frå andre. Det håpar eg du og gjer.

Eg ønsker deg ein god nasjonaldag, ein annleis nasjonaldag, ei 17. mai-feiring i koronaens tid.

Beste helsing
din ordførar,
Linn Therese Erve