- Eg tenkte for nokre månader sidan at det kjem til å bli ein trist 17. mai. No trur eg det kjem til å bli ein fantastisk dag som folk kjem til å hugsa lenge, seier Heidi Magnesdatter Åsbø.
- Eg tenkte for nokre månader sidan at det kjem til å bli ein trist 17. mai. No trur eg det kjem til å bli ein fantastisk dag som folk kjem til å hugsa lenge, seier Heidi Magnesdatter Åsbø. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Alt klart dagen før dagen

– Det er utruleg kor oppfinnsame folk er. Det blir «Ja, vi elsker» i heile landet frå fjell til kyst, seier Heidi Magnesdatter Åsbø.

Planen om å samla Noreg til eitt korpsrike blir verkeleg i morgon. Åsbø kan knapt venta med å ta turen til Ryvarden for å spela nasjonalsongen saman med korpsmusikantar frå heile Noreg. Ho i bunad uansett vêr, og kornett så blank som den berre er på 17. mai.

Samlar Noreg til eitt korpsrike

– Eg tenkte for nokre månader sidan at det kjem til å bli ein trist 17. mai. No trur eg det kjem til å bli ein fantastisk dag som folk kjem til å hugsa lenge, seier Åsbø.

Kvar dag har det tikka inn meldingar frå folk som vil vera med i det virituelle korpset. Frå Hammerfest til Kristiansand. «Ja, vil elsker» skal både spelast, filmast og delast.

–  Mange har spurt kva som er lov. Alt, har eg svara. Her er det ingen grenser for kva ein kan gjera, og folk er utruleg oppfinnsame. Det blir spelt frå høge toppar til i strandkanten. Ein del kjem til å spela aleine, andre skal marsjera saman, og det er folk som har tenkt å kjøra rundt i bil og spela på mange ulike stader. Det kjem til å bli utruleg mange flotte videoar og ein fantastisk presentasjon av landet vårt, seier Åsbø.