Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.
Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.

Feil om fleirbrukshall

Leiaren i hovudutvalet for oppvekst og kultur (HOK), Asle G. Halleraker (Ap), gjer oss merksam på feil i Vestavind si melding om utvalet si innstilling om fleirbrukshall.

På møtet i HOK gjell fleirtalet i utvalet inn for at arbeidet med planlegging av fleirbrukshall/idrettshall skal halda fram. Status for arbeidet blir presentert i andre møteserie hausten 2020, om HOK-fleirtalet får gjennomslag i formannskap og kommunestyre.

Innstillinga frå HOK inneber at utvalet sitt fleirtal gjekk imot rådmannen sine forslag til vedtak.