næringsliv

Leiar i Sveio Bondelag, Jon Bergmål, er redd for at kartlegging og verdsetjing av område for friluftsliv kan føra til framtidige problem for landbruket i Sveio.
Leiar i Sveio Bondelag, Jon Bergmål, er redd for at kartlegging og verdsetjing av område for friluftsliv kan føra til framtidige problem for landbruket i Sveio.

Fryktar fleire konfliktar mellom turgåarar og bønder

Bønder i Sveio er redde for at kartlegging og verdsetjing av område for friluftsliv vil føra til fleire konfliktar mellom turgåarar og landbruket.

Publisert Sist oppdatert

Dessutan fryktar dei at kartlegginga i neste omgang kan føra til at kommunen i neste runde vil søkja om statlege midlar til opparbeiding av fleire turområde. Dette skaper ein lite føreseieleg situasjon for bønder som står framfor store investeringar. Det kan i verste fall føra til nedbygging av landbruket og tap av arbeidsplassar, seier leiar i Sveio Bondelaget, Jon Bergmål.

– Me har sjølvsagt ikje noko imot at folk går på tur. Det er noko heilt anna når turområde kjem inn i ein plan og blir avmerka på eit kart, seier Bergmål.

Jon Bergmål viser på Miljødirektoratet sitt kart kor store område i Sveio som er vurdert til friluftsfølelse mål. Dei mørkeste felta viser dei mest populære turområde.

Nofence

Han peikar også på eit anna område som kan auka konfliktnivået mellom fritidsinteresser og bønder, og særleg dersom større område blir tatt i bruk til turgåing. Det gjeld bruken av såkalla Nofence, som er på full fart inn, også i sveiolandbruket. Bergmål og far hans, som saman driv Gard med mjølkekyr og sau, har sjølve bestilt nofence-utstyr og vil ta det i bruk så snart dei får det på plass.

Nofence består av solcelledrivne klavar med GPS-teknologi.  I staden for gjerde kan då bonden merka av beiteområdet på kartet. Bevegar dyra seg mot det elektroniske «gjerdet», får dei først lydsignal og deretter ein kraftig elektrisk støyt.

Med dette utstyret kan bonden heile tida følgja med kor dyra er. Og han kan ta mykje større utmarksområde i bruk til beite utan store kostnader til inngjerding. Men det vil føra til at turgåarar risikerer å møta fleire tilsynelatande frittgående store dyr ute i skogen.

På høyring

Problemstillingane er aktuelle etter at Klima- og miljødepartementet i 2018 sende ut ein handlingsplan for friluftsliv kalla «Natur som kilde til helse og livskvalitet». Planen inneber mellom anna ei kartlegging av kor folk faktisk går på tur rundt om i landet.

Store område rundt Vigdarvatnet er mellom dei registrerte turområda.

Kommunestyret i Sveio hadde planen på sakskartet i desember i fjor, men valde då å utsetja saka og senda planen ut på høyring. Nå er høyringsrunden gjennomført, og saka kjem opp på kommunestyremøtet i midten av juni.

Sveio Bondelag har uttalt seg saman med Sveio Sau og Geit og Sveio Jakt, Fiske og Naturvernforening. Det same har fleire grunneigarar. Rådmannen kommenterer høyringsuttalane i saksførelegget og meiner fleire av dei ser ut til å byggja på misforståingar.

– Kan ha misforstått

– Dette er ei kartlegging, ei innsamling av kunnskap om bruken av naturområde. Det er ikkje snakk om ein juridisk bindande plan, slik enkelte synest å ha oppfatta det, seier rådmann Jostein Førre i ein kommentar til Vestavind.

Han legg til at den kunnskapen som på denne måten er samla inn, kan koma til nytte ved framtidig utarbeiding av reguleringsplanar.

– Men er det likevel urimeleg å tenkja seg at materialet også kan bli brukt til å utarbeida planar for nye turområde, slik bondelaget fryktar?

Fekk ikkje saka tilsendt

– Når me ser på kor store område i Sveio som, ifølge kartlegginga blir brukte til friluftsliv, er det i alle fall ikkje snakk om at desse vil bli omgjorde til friområde, seier rådmannen.

Desse områda ligg i dag stort sett som LNF (landbruk, natur og friluftsliv) i kommuneplanen. Ei omgjering til friområde vil krevja reguleringsendring. Der set plan- og bygnigslova klare krav til medverknad frå alle berørte grunneigarar.

Bergmål kritiserer elles også kommunen fordi bondelaget ikkje fekk tilsendt saka til høyring, slik tilfellet var for fleire andre organisasjonar. Han stiller seg undrande til at grunneigarane på denne måten ikkje blei trekte med. I saksførelegget svarar rådmannen på dette ved å visa til at høyringsrunden blei annonser, mellom anna i Vestavind.

Vedtok tillegg

Nå ser det ut til at også politikarar er merksame på grunneigarane sine interesser. Rådmannen sitt forslag til vedtak går ut på å ta både kartlegginga og høyringsuttalene til orientering. I hovudutval teknisk og næring kom både Belinda Teikari (FrP) og Ole Johan Sveen (uavhengig) med tilleggsforslag. Desse blei sydde saman til eitt nytt punkt som lyder slik:

«Då kartet/planen med tilhøyrande informasjonikkje er juridisk bindende, og kommunen står fritt i høve til å revidere, skal det verre enkelt og raskt for grunneigarar som ønskjer å få til aktivitet i/videreutvikle eit område, å få revidert ut/fjerna aktuelle område frå kartet/planen. Kommunen skal alltid invitere grunneigarar til dialog i registreringer og førebuingar i planprosesser der grunneigarane blir direkte involvert.»

Dette tilleggspunktet blei samrøystes vedteke som HTN si tilråding til kommunestyret.

Powered by Labrador CMS